LANGT INNI SKOGANE
Langt inni skogane
i ei nyss skaka risteboble
fell tett, stille snø,
kjem vise menn på truger,
ein hjuring blæs i horn,
skin lys frå ei uteløe,
små barnlige englar
brekker neglene sine,
freistar ripa, rispa seg
gjennom harde, seige kvelven
inn mot boblestilla,
raudsprengte,
bresteferdige
med himla song.
Frå Hytteboka, 2007