VÅR, KØBENHAVN
Vera den einaste – ja,
det vil eg tru –
som sit i ein dørglytt
i God Save The Kinks t-skjorte,
i lett Vesterbro-rus,
i skin av milde
biverknader
og les om att
Hundrad år
av Rasmus Løland.
Frå ABs nye diktsamling, som kjem på Wigestrand Forlag denne hausten (2011)
|