September 2014
Han lærte dei i skogkrullar, der fuglar song i bakgrunnen,
bakleksa. Fuglar gjer liksom heile leksa hans lettare
å svelgja og bera for gamle og tutlete damer, for grimme
små oldebarn. Me hugsar ordlyden hans. Det er noko
med denne leksa, om me ikkje heilt skjønar kva det er.
Han lærte dei om storken,
Guds pannebrask, og korken.
Han lærte dei om dua,
Guds løedør, og brua.
Han lærte dei om anda,
Guds augemål, og randa.
Han lærte dei om erla,
Guds hjartesår, og perla.
Han lærte dei om spetten,
Guds hovudverk, og letten.
Han lærte dei om høna,
Guds klokketru, og løna.
Han lærte dei om sporven,
Guds Pellemann og Tjorven.
Han lærte dei om skjora.
Guds stridskjorte og Tora.
Han lærte dei om rypa,
Guds lyngbrann, ja, og klypa.
Han lærte dei om svala,
Guds hugselapp og skala.
Guds boge og hans pil,
Guds minne og hans sil.
– Kor bur du hen, meister? spurde dei han. Han var ferdig
med dei for dagen. Ferdig med å leksa opp for dei.
– Kor høyrer du vel heime?
– Eg høyrer heime i gøymespel, i lauvhytter, i svaletjern,
svarte han.
– Svaletjern? Han gjekk nokså fort, dei måtte småspringa
på dei lause sandalane sine for å nå han att.
– I svaletjern, revehi, leikestover, hønsehus. På campingplassar,
i busskur. I tipiar i åsen. I landsbyar, i søkk
og i kav. I verdene like bortanfor. Bli med, då vel, og sjå!
Så blei dei med han, somme av dei, til der han høyrde
heime. Til søkka og til kava hans, nokre veker, for kveldsog
sein sommarskole. Der han lærte dei, mellom mye
anna, å skjula seg der dei var.
Leksa hans er ikkje alltid like brukande som ord for
dagen, gjennom kyrkjeåret. Så når presten treng noko å
henga preika si på – til gravferd, til konfirmasjon – tyr
han gjerne til noko anna og meir konkret. Noko om frelse
og om fred, om å gripa dagen. Han kjem med eit pauli
ord. Han spelar ei plate med Sigvart Dagsland.
Eg surfar på veven, nettet. Eg finn at Daudehavs-sporven
seier «chi-witt» på engelsk. Når den ikkje teier heilt
stille, då. Som den for det meste gjer. Les eg på denne
nettsida. Den er så saktmodig av seg, Bibelsporven, at det
ikkje står kva den seier, på engelsk, når den ein sjeldan
gong føler den må varsla og seia frå.
Henta frå «Svalesukk», Wigestrand Forlag, 2014.