F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Juli 2018:

UTBURDEN I GRØTHEIMS-VATNET SYNG

«Mi mor,
mi mor,
gjekk på Syre sju år
med utslege hår.»

Utburden i Grøtheims-vatnet*


Døyp meg gjerne på ei von,
kall meg Guro, kall meg Jon,
eg har tålmod, flusst med tid,
høyr min song om mora mi.

Ho var eit rivjern, stolt og frisk,
før ho smaka stokk og pisk,
det var eit slit, eit evig pes
i Syrebygd på Skudenes.

Eg skal ikkje fortelja alt;
mor var barbeint, livet kaldt,
så slokna ho bak same busk
som ein gasta kjerrekusk.

Ein time, to var livet godt,
og då ho vakna, demra brått,
var ho alt blitt langt på veg,
var det bare ho og meg.

Ho sprang ut hit, til Grøtheims-tjern,
utan engel, barnevern,
med ein unge; jente, gut,
ho kyste meg, og heiv meg ut.

Ho gjekk i utlegd seks-sju år
med ope hjarte, utslått hår,
og ingen sa: Kom inn, kom inn,
her er ly for hagl og vind.

Ho gjekk for vatn, gjekk for lut,
ho gjekk på kne, på trynet ut,
gjekk rundt og rundt rundt Syre-grend,
ho svann or minnet, gjekk igjen.

Og vinden, åra, fyk så fort,
dei ruskar Karmøy-strå, fyk bort
over tuer, Karmøy-lyng,
kneblar ein som syng og syng.

Og då ein lærar, lærd og klok,
samla linjer til ei bok
med Skudenes sin minneskatt,
var snaue fire bundne att.

Fire linjer, 12 små ord
av songen min om mor, om mor,
dei skildrar koss ho gjekk og gjekk
rundt Syregrend, og gjekk seg vekk.

Ja, døyp meg gjerne på ei von,
kall meg Guro, kall meg Jon,
eg må få sagt, skal eg få ro:
mora mi var bare god.


*Kjelde: Torkjell Mauland: Folkeminne frå Rogaland, 1928

Nytt, ikkje tidligare publisert.