September 2017:
Frå «Altså», ny bok, hausten 2017:
Bussane bussa langs høge gjerde – bymurar – der byane
byrja å byrja, eller der byane dabba av.
Bussane bussa forbi tomme hytter, tomme hyttefelt.
Bussane bussa langs sjøar og tjern.
Bussane bussa langs tette skogar.
Der helsa dei alltid pent og flyktig på dei gamle,
slitne busstantene sine. Tantebussar som var blitt sette
ut på skogane i si tid. Kvar på sin siste stoppestad, kvile-
stad. Parkerte for evig tid. Dei stakk sine runde, slokna
tanteandlet fram.
Skulebuss,
turistvogn,
turbuss,
ikkje i rute,
ikkje i trafikk,
Langåsen pensjonatskule. Stod det å lesa i
pannene deira.
Bokbussen,
Byrkjedalsekspressen,
Brødbilen, Pølsebussen,
Turi, Lene, Siw, Maiken. Russen 72.
Ja, dei kunne òg passera og helsa på bestemorbussar;
hestepostkjerre, prærievogn, diligence og karjol.
Les meir om den nye boka «Altså – jenta som ikkje og
kringkastinga» på
www.arntbirkedal.no