F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


oktober 2010
TO SKJØNNE MORMONARJENTER SNEIER

 

borti livet mitt seint ein haustkveld

i august, dei kjem på døra. Eg lar dei bare

stå, lar dei bare gå, etter vennlige, tru-

skuldige forklaringar. Ser dei stansa,

nikka, peika, veksla frelsesrøynsler

ved hekkeskiftet, drøfta frelses-

ruter vidare. Når eg drar gardina

 

føre. Eg sukkar djupt utpå neste

dag, sit i solveggen. Tenker: Gud, kor

djup er denne æva di. Desse vegane,

heile stykket, bort mot Hillevåg og

der. Gud, kor djup er denne lykka di.   

 

 

Frå Kvar gong, Wigestrand Forlag, 2003