April 2020:
KVAR GONG EG SNUR MEG NEDI VEGEN, VEIT
det er me,
ho og eg,
som bur i dette
skire
ranke
solemerkte
huset
med mosepakka
plen rundt. Somme
morgonar, etter ei
snokald natt, vaknar eit
stokkandpar her ute.
|
Henta frå "Kvar gong", 2003, og frå
"Dikt i utval", 2013.