F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Oktober 2012

ARVID NILSSEN (Forstad av Roma)

Arvid Nilssen, revystjerne, gummifjes,
held hus i ein forstad av Roma. Ja, det finst
forstader der, der du treffer på
Arvid Nilssen,
Arvid Nilssen
kor du snur og vender deg. Sameleis
er det med Johnny Cash
og Kolbjørn Hauge. Han Malvin med
rumpetaska svinsar stadig innom
døra på Atlas Café, for ein bjørnehulk

og ein omgang flipper. Anthony Quinn
er verken verre eller betre enn
pimpar flest. Min venn Simon
Peter svimar rundt same kvartalet
av gamlebyen. På leit etter nyrita
fisk. – Og kor det ruslar, spør han støtt, og
- Kor det går? Medan far min, handlangaren,
straks entrar byporten. Han himlar ein
augestraks og gir seg ende over. Slepper
den slakke, grå murarsekken, der ei
blanksliten skei stikk seg ut. Jordnære er dei,
jordnære. Somme tider må eg bare dra dei
i stridskjorta.

I den støvande,
skinande dauden,
i den same ulla og

skiten; denne skire
pakninga som
slører vår jord.

Frå Sinus, 2011