F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Juli 2016:


( Buss-sjåføren fortel: )

– Då eg var liten, fortel buss-sjåføren, - brukte me køyra tur
mest kvar einaste heilagdag, på 2. pinsedag og så bortetter.
Til Ølberg hamn, til Risavika, til Tananger. Svippa nedom
Badedammen, Vaulen. Me gjorde aldri noko særlig der, det
eg kan minnast, anna enn å peika og sjå. Far min peikte, og
me andre såg. Før eller seinare åt me vel gjerne ei brødskive,
viss me hadde tatt brødskiver med. Gjekk nokså sjeldan ut
or bilen. Stod der ei stund, og så køyrde me vidare. Måtte
bare rundt slik av og til – etter gammalt – for å sjå etter at
plassane låg. Det var nok då eg bestemte meg for å bli buss-
sjåfør, i si tid.

 

Henta frå «Det indre Tasta», Samlaget, 1996