Mai 2013
SONG FOR MATEN
Så skal me synga
for maten att:
No livnar det i lundar,
dei to første versa. Nei,
det blir: O du
som metter liten fugl,
velsign vår mat, o Gud.
Me heng med topploka,
både me og smørbrøda. Kan
kjøttpålegg velsignast? Det
har vel alt hatt si tid?
Eg blir alltid litt trist
– eller lattermild.
Kjem an på folka
Eller smørbrøda.
Desse er altså frå i går.
Frå «Ormen i Vaulavika», 1993