ME TRENG ALLE NOKON
Me treng alle nokon
som er glad i
oss, i meg. Alltid, alltid
og heile tida.
Sit eg på
hi sida av Kilimanjaro
med ei bambusfløyte
ved føtene, nær ein
beitande gnu, må nokon
kunna tenkast
husa tanken:
Det er muligens der
han held seg.
Henta frå
"Eg kan godt lika deg", 1991,
"Dikt i utval", 2013 |