Untitled Document
FRÅ HULL TIL HOPEN
Framført av Nordic Tenors i deira kritikarroste show (Bella Notte) gjennom
2005 og 2006.
Der var kjærastar i kvar ei grend,
ved kjelde, sjø og straum.
Bare ei av desse lyser opp
milde bygder i min dimme draum.
Så no lyfter eg min sekk og fer,
No legg eg atter trøystig kjekt i veg.
Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.
Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.
Der var kjærastar på myr og mo,
i li og skar og gjel.
Bare ei av desse opnar opp
grøne dalar i mi flate sjel.
Trålar nabolag på nabolag
etter ho eg støtt har mist.
Gjennom klesvaskar og reddikbedd,
ser eg ganske sikkert land til sist.
Så no lyfter eg min sekk og fer.
No legg eg atter trøystig kjekt i veg.
Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.
Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.
Aasmund Kaldestad, Nordic Tenors, spurde om eg kunne laga ein tekst på
melodien
”The leaving of Liverpool”. Det blei ein typisk Birketekst med ein
heil haug vers. Til
scenebruk blei den skoren ned til desse tre. Kan henda dei resterande kjem for
dagen
når (viss) den kjem på trykk ein gong.