Skriven spesielt til Jan Ingvar Tofts melodi. På CD med Vamp 1996 og 1999 Publisert i boka ”Stemmer frå Rogaland”. Så blåe, blåe himmel, der e vel knapt ein bomullssau å se, men den gode fe, to niser, et nasehorn, et skib. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Så blåe at alt skinne: Tri berbuskar, seks strømper i ei snor, et glovarmt bord med Tarzan-blader, Donald og Vill Vest. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Ein sleden, bleige fluktstol, den einaste så ennå holde mål, ein kopp, ei skål, ein lommadug ein nabo gjekk ifra. Ei trygge sol på himmelen, ei vide, åben sommartid. Ein postmann plystre lydlaust, et postkort med ein slump med blåe ord fra ein storebror med kjereste og telt, de har det bra. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Og jentå øve gadå har hytta bag ein skog og bag et fjell, der gror kantarell, med stien står ein hest hu må forbi. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Og på den andre sidå av steingjerdet og ennå lenger ner står sjeldne trer, går et kuttråkk te ei badestrand, ei vig. Ei trygge sol på himmelen, Ein lomme fodl’ av sommartid. I hagen e så stille, ein UFO kunne trygt ha sitt sitt snitt og rasta fritt, forsynt seg med litt solber – og reist hjem. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Og adle de så bor her e på kjykken, spise sommarmiddag der, og te dessert får de sukkerkavring, flaskemelk – kultur. På trappå står et norgesglass med merr enn tretten humler i. Eit panorama-sveip over barndommens sommarlandskap – frå hus, hage i Madlamarka til Møllebukta, Hafrsfjord. Innhaldet er i hovudsak stole frå teksten ”Himmelen er så blå” frå ”King Kong” (95). Skriven ein sommardag 1995, medan eg slo plenen på Vaula, Mosterøy, der eg budde. Med Jan Ingvar sin melodi i hovudet.
|