Det er slett ikkje sikkert det hadde blitt særlig mange ”Birk-visetekstar”
hadde det ikkje vore for samarbeidet med Lasse Haugen på Stord Lærarhøgskole
frå cirka –81. Lasse Haugen, frå Bergen – busett i Haugesund,
laga melodiar til ei svær bunke Birkedal-tekstar. Inkludert mest alle
i ”Balladen” og ”Hestane” m.m.m. Fleire fekk melodi
same kvelden dei blei skrivne, noko som sjølvsagt inspirerte til å
skriva meir av same sorten. Lasse var med og spelte gitar og song då AB
lanserte første boka ,”Balladen”, i lag med Vestlandsfandens
Kjell Henriksen på mandolin. AB – det vil seia ”Balladen”
med teksten ”Hynsahus” – nådde Vamp gjennom Lasse. Songar på plate / CD: Lasse er no proff jazzmusikar og har gitt ut proffe jazzplater.
|