OPPDRAG:
Arnt Birkedal tar dei fleste typar forfattaroppdrag.
Han kjem gjerne på skulebesøk, til dømes under overskrifta: «MEIR ENN 13 HUMLER».
Han kan halda skrivekurs.
Han kan snakka om, drøfta, innleia om:
Eigen forfattarskap,
Norsk barne- og ungdomslitteratur,
Rasmus Løland,
Skrivesperre
og mye anna.
til dømes:
Inspirasjonskjelder, som
Bibelhistoria,
England,
Robin Hood, Tarzan, Donald Duck og Co,
populærmusikk
(The Beatles,
John Lennon,
Bob Dylan,
The Beach Boys),
Og andre emne, som
tekstar i populærmusikken,
visetekstar,
vetter (tuss og troll),
kryptozoologi (dyr som – trulig - ikkje finst; sjøormar, mm ).
AB på oppdrag; utdrikkingslag, 2014. |
Foto: Signe Christine Urdal |
Men
aller helst vil han jo komma og lesa frå bøkene sine,
åleine eller - om det lar seg gjera - saman med musikarvenner.
For oppdrag. Ta gjerne kontakt med forfattaren direkte gjennom denne sida.
Og / eller via Norsk Forfattersentrum, Vestlandet.
vest@forfattersentrum.no
Nodland, også kalla Draumeland, noko aust for Eden (og Egersund), september 2012.