|
Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.
For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.
Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand
To veker sist sommar. 69 songar
Gjendikting. 1999
|
| ”Dette er blitt et artig prosjekt. (…) Birkedal bør få
noen musikere til å framføre tekstene sine. Eller fortsette der han
slapp; gjendikte mer god britisk rock til norsk”.
Truls Horvei i Haugesunds Avis
”Arnt Birkedal er ein skøyar.”
Hadle Oftedal Andersen i Dag og Tid
| Innhald:
Forord:
Det finst alltids ei raud løve 11
I
Ja, dronninga (Lennon, McCartney) 17
Som prinsesse Marinas (Davies) 18
Flytt inn hos meg (Jagger, Richards) 20
Jepp, skal bli! (Barrett) 22
Gyllen Hår (Joyce, Barrett) 24
Viss (Waters) 25
Fåfengd kjærleik (Jagger, Richards) 26
Jeffrey drar til Leicester Square (Anderson) 27
Grantchester Meadows (Waters) 28
Me to (Lennon, McCartney) 30
Alt kjem og svinn (Harrison) 31
Biltur (Davies) 32
Victoria (Davies) 34
Skumring (Genesis) 36
Søvnig landsby (Black Sabbath) 38
Fugleskremsel (Simpson) 39
Karen som kalla seg Jesus (Cousins) 40
Slaget (Cousins) 42
Steinar for Avalon (Bolan) 46
Sirklane av stein (Simpson) 47
Vår tid står stille (Anderson) 48
Tida, kvar blir den av (Denny) 49
Bok-song (Thompson, Matthews) 51
Fotheringay (Denny)
Kom de sanne spelemenn (Denny, Hutchings) 53
II
Ja, sjømannslivet (trad.) 57
Ho flyt gjennom marknaden (trad.) 59
Copshawholme Fair (trad.) 60
Eg låg og drøymde der på mi køy (trad.) 61
Matty Groves (trad.) 63
Ein sigøynar kom frå ingen stad (trad.) 67
Reynardine (trad.) 69
Kong Heidning (trad.) 71
Tam Lin (trad.) 76
Nottamun By (trad.) 80
Over grøne Greenmore (trad.) 81
Polly langs ei strand (trad.) 83
Sir Patrick Spens (trad.) 85
Langsmed den fjerne Nil (trad.) 87
Alle skogens blomar (trad.) 89
Desertøren (trad.) 90
Dauding-haug (trad.) 92
Eit korpepar (trad.) 94
Ein mørkøygd sjømann (trad.) 96
III
Om kneipa blir bratt (Thompson) 101
Staurgalne Michael (Thompson, Swarbrick) 103
Ver no takksam (Swarbrick, Thompson) 105
Genesis Hall (Thompson) 106
Rusla litt (Swarbrick, Thompson) 108
To veker sist sommar (Cousins) 110
Alt skrive ned (Heron) 112
Verdsvan kar (Green) 114
Når dagen din blir natt (Drake) 115
Søtast’ Saft & Vann (Barrett) 117
Veiftar armane fritt / For aldri med løgn til deg (Barrett) 118
Har lært med tida (Drake) 120
Kjem ei tid (Lennon, McCartney) 122
Kom i saman (Lennon, McCartney) 124
Inne (Anderson) 126
Brevet (Heron) 128
Kjærleik finst kjærleik er (Lennon) 130
Vinden, kven ser den? (Ono) 131
Dieselolje-brekka (Stewart, Wood) 132
Visa di (John, Taupin) 134
Flyplass-song (Simpson) 136
Himlane nordpå (Drake) 138
Kvar stund er heilt ulik (Heron) 140
Det var ein tanke (McCartney) 142
God og vakker (Harrison) 143
Etterord: Kor landet låg i 69 – The Village Green Preservation
Society 145
Bakside-tekst (Samlaget):
Frå 1969 – 70- ÅRA då unge britiske rockemusikarar
leita seg fram i tjukke, gamle visesamlingar, henta litt her og der, og skaffa
seg copyrighten – har Arnt Birkedal handplukka 69 ”rocke-tekstar”.
Og anten denne særeigne lyrikken kjem frå Fairport Convention, The
Incredible String Band, The Kinks, The Strawbs, Pink Floyd, Syd Barrett, Nick
Drake, Lennon, McCartney, Harrison eller Jagger / Richards, står tekstane
godt på eigne bein, samtidig som dei kan syngjast.
Tre tekstar:
Karen som kalla seg Jesus
Han kom beint bort til disken, eg passa min butikk.
Han sa: Mitt namn er Jesus. Så løfta han sitt blikk.
Han må ha sett det på meg, at eg syntest den var grov,
for han heldt fram begge hender og sa: Om du treng prov?
Denne karen som kalla seg Jesus.
Eg tagde nokre straksar, interessa mi var vekt,
andletet bar sorg nok for den heile manneslekt.
Eg sa: Den der var god, du, var neimen ikkje snau!
Han sa: Alle trur eg vitsar, var best at eg var daud.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Han sa: Eg har eit spørsmål, kan henda du veit råd.
Veit du av ein plass å preika, spreia bodskapen ifrå?
Eg sa: I dette fine veret? Må bli ei badestrand!
Han sa: Du trur at eg er galen, de er like alle mann.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Han verka så oppriktig, eg skjemdest av meg sjølv,
Og sa: Eg stenger sjappa, bli med og ta ein øl.
Han svara: Vil eg gjerne, eg treng sårt til ein kvil.
Me gjekk, eg låste døra, så gav han meg eit smil.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Og trefte me på ungar, så bøygde han seg ned
og gav dei klapp på håret og småbøner å be.
Men oftast blei dei redde, slike ungar gjerne plar,
ei jente byrja gråta då han sa dei kven han var.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Eg sa: Du får no vitja paven. Me sat med kvart vårt glas.
Han sa: D’er kje verdt det, det blir for mye mas.
Så sa han: Må nok stikka, du veit, eg kan kje bli.
Han lova kikka innom meg om ei vekes tid.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Så gjekk han ut i verda, eg sat og drakk meg mett,
eg tenkte over orda hans, og alt eg hadde sett.
Men tankane og ølet gav slettes inga ro.
Då merka eg at slanten hans var purpurraud som blod.
Denne karen som kalla seg Jesus.
Dave Cousins: ”The man who called himself Jesus”.
Henta frå The Strawbs: Strawbs, 1969
(sidene 40 – 41)
Nottamun By
I Nottamun By kikka alle beint ned,
alle kikka beint ned, sette nasen i sky,
alle kikka beint ned, sette nasen i sky,
for å syna meg vegen til Nottamun By.
Og Hans Majestet og Hennar, ja visst,
dei kom gåande først, dei kom ridande sist,
ein kar slo på tromme, heilt utan ein tråd,
dekte brysta med hender, heldt fram med å slå.
På ein heit, frosen stein sett’ eg meg ned,
ti tusen stod rundt, eg sat einsam for det,
eg tok hua mi av, eg fraus, det blei snautt,
medan ti tusen ufødde drukna og flaut.
I Nottamun By kikka alle beint ned,
alle kikka beint ned, sette nasen i sky,
alle kikka beint ned, sette nasen i sky,
for å syna meg vegen til Nottamun By.
”Nottamun Town” – trad. vise.
Henta frå Fairport Convention: What we did on our holidays, 1969
(side 80)
Himlane nordpå
Eg kjente aldri trolldom så vill som denne her,
skjøna aldri kor månane trekte hava med,
eg heldt aldri kjensler så sikkert i mi hand,
ana aldri linne vindar gjennom høge tre.
Så kom du –
gir himlane nordpå glans.
I altfor lang tid har eg venta
på å bresta, var ung og skjør,
i altfor lang tid har eg vanka
blant kjentfolk, trødd ned kvar dør.
Om du vil, om du kan –
opna meg sans for sans.
Elsk meg for smak og pengar,
elsk meg drag og driv,
elsk meg igjennom hausten
og ut av mitt bare liv.
Om du vil, om du kan –
spel opp ein annan dans.
Eg kjente aldri trolldom så vill som denne her,
skjøna aldri kor månane trekte hava med,
eg heldt aldri kjensler så sikkert i mi hand,
ana aldri linne vindar gjennom høge tre.
Så kom du –
gir himlane nordpå glans.
Nick Drake: ”Northern Sky”.
Henta frå Nick Drake: Bryter Layter, 1970.
(sidene 138, 139)
|
|