INNHALD:
Eg vaknar i Bedehusbakken side 11
Over topploket
Dagen blir kalenderstengd
Jentene i klassen finn meg framleis duppande
Og stride draumen stansar
Så får me rødast
Dimmelys demrar
Sjargongar, mellomnamn
I sluttluka
Me demrar i vifteform
Me sauestirer, sauestyrer
Med låghalt hjarte side 33
Eg dryger litt til
Stir oss ned, ropar lokala
Skolelandskap, gamle flammar
Den mektige ferja krasja (Utne, Hardanger)
Nordhordalandsferjer
Eg tar oftare til sida
Ta endelig frå meg lappen
Skademelding
Bussdupp
Eg duppar vidare i buss (Rennesøy)
Lufthamn
Sinn sklir ut
Slekt og brør, stivna bordsettingar
Kamelhårsprofeter
Heimstaden kviler
Arvid Nilssen (forstad av Roma)
Ansiktslause frakkemenn (Harbour Inn, Axemouth)
Formingsoppgåve, advent
Me pratar i sundagsstilla
Skuld- og løysingsmenn
Pub Cardinal, Stavanger
Eg kimsar og skimtar
Alt me freista seia til kvarandre
Prospektkortknipsaren får siste ord
Rundt side 77
Rekka rundt
Eg ser Familien Ashton att etter 40 år
Rundar veslestovenova
Postsigning, hekketrim
Duppande i midtgròven
Chickelacke
Russetog
– Hei, hei –
Årgangsplatene på pubveggen
Hafrsfjord, middagsgròv
Attmeistra
Attmeistra 2
Songane lengtar
Songane lengtar tilbake
No klikkar eg, no bakkar eg ut
Skald
Mine gode menn, diktarane, kjem
Steamboat Willie (Disney, 1927)
Eg kallar dei angrande bøndene mine heim
Godvêrssky
Ei armhole av natta (St. Paul de Vence)
Attmeistra 113
Sinus-slag
Sinus-byane, sinus-utmarka
Sinus-februar
Komma heim att med sinus
Sinus-vinter (i Bedehusbakken)
Slutta sinus
Sinusvår
Vår, København
Sein sinus-sommarkveld
Sinus-bygdene, sinus-dalane
Eg søv over under
Så lenge jentene i klassen
FEM DIKT:
PUB CARDINAL, STAVANGER
1
Sjela mi, lodne flyssa, sviv
stoverein for seg sjølv oppunder
takkvelven. Mjuknar hjørne,
skraverer felt.
2
Fløyelsmoten låg på bakromma og
venta til eg kom rundt. Og det vakre
er konstant, flimrande:
Ein nedtagga, solgylt
transformatorboks, endå ei
gullande jente rundar
glashjørnet.
3
Den stutte biografien min, sjølvsagt full
av hol og gilde manglar, dinglar no frå
kvar kvast i arboreta.
4
Eg puggar ikkje busstider meir.
Eg har alle dei mulige støtteapparata,
eg opnar for dei umulige.
5
Eg blir knapt misunnelig på kyss, eg har alt lauslig
vore der. Ja, og eit sidestepp bakom byen, i austre bydel,
der prat kan gå om hunde- og kattemenneske,
lotusstilling, sommarfugleffekt, med kjeks-,
vin- og pattespretting (barnehagestøvlar
ligg avspente i entreen), synest fjernt og
overkommelig, det blir neppe noko av. Skal eg bli
nokon til fast borg eller oppreising.
6
Eg ser no og no mine
opplyste dongeriflysser
dilla takt mot bordstøet.
Eg har lagt meg til med
desse tamme agape-
auga som gapar
over og blir
hengande att.
Eg erverver ei finkjensle for dill.
7
Og sjela mi, lodne flyssa, sviv
for seg sjølv oppunder kvelven.
Stoverein som ei døgnfluge.
(sidene 70, 71)
HAFRSJORD, MIDDAGSGRÒV
Tjelden held den raude, reine stifta si
heva. Saumfer
nypressa, jomfruelige
fjørekutt. Ser dei siste svellande
albumspora an. Han er
reie til å pløya dei. Stilla skarpt
på dei synoptiske
rundetidene
78,
45
eller
33, 33 1/3 etter tradisjonen.
Det blir klukka
om attmeistring,
stoff- og systemskifte
ifrå alle mjuke kantar.
(side 95)
EI ARMHOLE AV NATTA (St. Paul de Vence)
Knollane knollar seg, lundane
lundar seg. Hjartet mitt trøytnar og
trutnar. Natta sukkar og
sluttar seg, som ei mjuk, sval
armhole. Eg grip meg i å tenka: La den bare
senka og setta seg, denne kuppelen, som
kvelvar seg over sikadeterrassar no. Til eg tar
all mi tilflukt i denne unektelige, ukrenkelige
underarmsjarmen. Til eg ser alt og alle i
glans av denne velprøvde, veldreidde
fasongen som rommar alle rundane
tid. (Den heilage familie daffa nett
gjennom landsbytunet, bocciaspelet.) Mosesen
såg Herren sin Gud sin tyrenakke, der denne
rørte seg bardus gjennom kløfta der Moses stod
klar med steinkakesett volum 2. Mitt skjegg blir
verdig, grått, ved at eg døsig dvelar enno ei natt på
ein knoll under Vår Frue si raust krydra armhole.
Eg aner templa hennar, aner aftansongen.
Eg ser mine næraste, siste, gjennom
mjukslitne portalar og skyteskår,
gjennom lyfta, runde glas.
(sidene 111, 112)
KOMMA HEIM ATT MED SINUS
Komma heim att
oppstiva
med sinus
frå sjukehuset.
Komma heim
til arbeid i vegen;
skinande
overallar, rein
skit og skare.
(side 121)
VÅR, KØBENHAVN
Vera den einaste – ja,
det vil eg tru –
som sit i ein dørglytt
i God Save The Kinks t-skjorte
i lett Vesterbro-rus
i skin av milde
biverknader
og les om att
Hundrad år
av Rasmus Løland.
(side 125)
|