|
Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.
For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.
Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand
Ormen i Vaulavika.
Dikt og tekstar. 1993
|
| ”Hos meg fann ”Ormen i Vaulavika” mange strengar å spela
på. Framleis dirrar nokre av dei.”
Randi Folkestad i Heimdrag
”Boken er så dårlig at det rett og slett blir komisk.”
Bergensavisen
| Innhald:
I
Kyrkjegard 9
Loch Ness, postkort 10
Ness-foto 1 11
Ness-foto 2 12
Ness-foto 3 13
Ness-foto 4 14
Ness-foto 5 15
Ness-foto 6 16
Katten ser ut til 17
Kyr på breidda 18
Og dinosaurane 19
Kven er det som vrælar 20
Når eg sit ytst 21
Etter at dei hadde hogge 22
Det hender han reiser seg opp 23
Fjorden er høg 24
I slik skodde 26
Soge der frå traktene 27
Folkeminne 28
Igjennom dalen (i 1659) 29
Byting? 31
Brureferda i Hardanger 32
Lyrgrunnen 33
Her er han 34
Då Moses kom ned 35
Sidan den tid 36
Gloppedalsura 37
Så søt som steppegras 39
På knaggen 40
Du veit det nok ikkje 41
Hannkattar i mars månad 42
Då katten kom tilbake 43
Martha Louise (ei kaninhistorie) 44
Observasjonar, klokka fire 45
Marsmorgon 46
Draum nr. 8 47
Torever 48
II
Jenta på steinen 51
Gutungen på fire ler 52
Skolefritidsordning 53
I dei skikkelige husa 54
Ho drar av seg 55
Jente frå det tidligare Jugoslavia 56
Augene dine gøymer 57
Eg fekk nett veta 58
Seljord, vatnet 59
Seljord, ormen 60
Seljordsormen var alltid 61
Sillejord, augustnatt 62
Den grimme grylen 63
Ligga og sveva 65
Derfor 66
Den svarte engelen i Da Nang 67
Det andre året eg saumfor taigaen 68
Stairway to heaven 71
Svart hund 72
Stolen gut (William Butler Yeats) 73
Krokodilletårer 76
Det var liv… 77
Svarttrost syng (Paul McCartney) 78
Song for maten 79
Gassarane sine gravferder 80
Den mest openbart 81
Helgefeiring i gammal tid 1 og 2 82
Pikksteinen på Lista 86
Sak 3: lakseoppdrett (i Loch Ness) 87
Havfruer 88
Skjelpadda Oddrun 89
Stå noko 90
Eg las nett ein stad 91
Bilane på hi sida 93
Eg ser på vermeldinga 94
Ord, namn 95
Baksidetekst (AB):
Her finst mysterium alle stader. Høgt og lågt. Lag på lag.
Tenk på havet, på horisonten, på nordlyset. Tenk på
nabojenta, på klippegrevlingen. På tjernet og myra. Tenk på
den mosegrodde steinen i åsen ovanfor kyrkjegarden. Tenk på grotta
du veit som ingen har sett enden på. Tenk på bøkene i hyllene
innarst i biblioteket sitt magasin. Tenk på farfaren og katten og læraren
din. Og tenk på hundedagane, då sjølv dei mest botnlause
av mysterium kan dukka fram i dagen.
Tre tekstar:
Fjorden er høg
Fjorden er høg, høgare
enn det meste. Det er gjerne bare
desse kvite, fjerne
overflateblinka
av sol i stimar
som kan lokka han heilt opp i
dagen, slik i renninga.
A, desse
solglitrande
morgonstundene, morgonfuglane,
solgangsbrisen som tørkar og
varmar ein botnfrosen
skrott, stille skvalp mot
høgrygg og nakkehole.
av og til må han bare
lyfta heile den lange
halsen mot sola, og full av
plutselig, høgfrekvent
solenergi, byrjar han
kasta det vesle hovudet
hovudstups
frå side til side,
bråe kraftfulle rørsler, det
treffer – plaskar eit svare
liv i vassflata, det knøttvesle hovudet
har ikkje minneplass nok til
å hugsa at han har gjort dette
før, så han gjer
dette no. Og er
borte
i sin eigen
botnlause, tidlause
levemåte.
(sidene 24, 25)
Du veit det nok ikkje
Du veit det nok
ikkje, men eg er han
som held katten din
med morgonmat
mest kvar einaste
skoledag i otta.
Og
av og til
er eg han
som sit på steingarden din
og remjar
halve måneblanke natta.
(side 41)
Stolen gut
Der, bak den siste knatten,
der ventar oss mi møy,
der ligg eit stille vatn,
der er ei lauvkledd øy
kor flaksehegrar skrik,
der kjenner ein seg mektig rik
på liv og læra,
på dei søte, stolne bæra.
Kom med oss, mannepilt,
dit kor vatnet strøymer vilt,
med ein svartalv, hand i hand,
for verda er så sorgtyngd,
det går over din forstand.
Når månelampa sender
den dimme sand sin glans,
ytst på dei inste strender
går me i alvedans,
dyrkar gamle røter,
flettar blikk og flettar føter,
samlar oss – og utan stans
sprett me til og frå,
freistar fanga boblefraue,
mens mannebygder ligg som daude
og skuggar pressar på.
Kom med oss, mannepilt,
dit kor vatnet strøymer vilt,
med ein svartalv, hand i hand,
for verda er så sorgtyngd,
det går over din forstand.
Der villstyrt vatn spurtar
for brått å stupa fritt,
i kulpar mellom sturtar,
der ser me rett så titt
ein aure slumra matt
midt i den stride straum,
då lener me oss fram,
ifrå eit bregnekratt
og slår ein maredraum
mens bregna græt i skam.
Kom med oss, mannepilt,
dit kor vatnet strøymer vilt,
med ein svartalv, hand i hand,
for verda er så sorgtyngd,
det går over din forstand.
No kjem han med oss alvar,
ser opp og fram,
han skal aldri meir sjå kalvar
leika på ein bakkekam,
høyra kjelen putra fred
eller piping frå ei mus
låta bak eit fang med ved
i eit laurdagsstille hus.
For han kjem, ein mannepilt,
dit kor vatnet strøymer vilt,
med ein svartalv, hand i hand,
frå ei verd så tyngd av sorger,
det går over hans forstand.
William Butler Yeats: The Stolen Child
(sidene 74, 75)
|
|