F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Eg kan godt lika deg.
Unge dikt. 1991

   
”I eit hundreår som snart har nytta mesteparten av tida på å stå ved sida av seg sjølv og klaga over kontaktløyse, framandgjering og kommunikasjonsvanskar står han klokt truskuldig fram og er ein inkluderande poet som er glad i folk og unnar dei alle kjærleik – for vi treng det.”
Jan Askelund i Stavanger Aftenblad

”Ho Hilde på butikken” rimer så pent og pyntelig i begynnelsen, før det halter i tredje strofe. Jeg antar det er tilsiktet, men hvorfor?”
Truls Horvei i Haugesunds Avis


Innhald:
JENTENE Den mutte, regntunge ferja 9
Bare hennar sykkel 10
Augustnatta er god mot andletet 11
Dei blåe fjella 12
Me treng alle nokon 14
Kopling 15
Gode armar 16
T-skjorte 17
Noko som går 18
Eg skulle kjent deg 19
Dagbok 20
Støvlettdag 21
Når du opnar 22
Eg kan godt lika deg 23
Eg har no skrive dette brevet 24
På julaftan, etter gåvene 25
Det same gamle julemysteriet 26
Timen mellom 27
Lys 28
Ho har ringt 29
Håplause telefonlydar 30
Ingen har hengt meg ut 31
Dela badevatn med ei fluge 32
Når han kjem ut 33
Ho har høyrt 34
Ho Hilde på butikken 35
3. august 36
-OG ALT DET DER
Det var langt utpå våren 39
For lite 40
Aldri det same 41
Må få det ut 42
Når du har vakse frå 43
Nabohuset (eller borti her) 44
Svart katt, julinatt 46
Når 47
Krematorierøyken stig 48
Av og til 49
Kva er gale 50
Miljøvennlig 51
Eg er framleis langt frå trygg 52
Grunntrening 53
Disse militærøvingane 54
Våre vindar er trygge 55
Etter amerikanarane 56
Kvinna på haugen (i Irak) 57
Dei fæle banneorda 58
Byrjinga 59
Eg må ha dansa 60
Seglbrett Gerd (Brian Wilson) 61
Det slo meg nettopp 62
Juleglede i juli 63
Draumen blir aldri 64
Eg kjem liksom nærare 65
Saman 66
Du dryp saltvatn 67
Selskapsblære 68
Eg saknar deg 69
Klokkereim 70
Sist vi bles fram og av 71
Rundar året seint på kvelden 72
Tredje nyttårsdag 73

Eigen-presentasjon av ”Eg kan godt lika deg” ( frå 1991):

Unge dikt?
Unge dikt, dikt for ungdom? Kva er det for noko? Eg veit ikkje ganske. Dikta mine, gamle og unge, vil helst vera opne for alle som måtte rota seg borti dei. Likevel har eg kalla den siste diktsamlinga mi for Eg kan godt lika deg. Unge dikt. Og sleppt henne ut på by’n som ei diktbok for ungdom.
Eg gjer det som eg lenge har gjort: Støyter eg på eit dikt, skriv eg det gjerne ned. Og har eg ”nok” sender eg dei til Oslo. Dei siste seks-sju åra har eg knapt bevega meg utanfor skuleområdet, lærar som eg er. Så det bare blei slik: Denne og førre boka mi blei ”ungdomsbøker”.
Ja, kvardagslige observasjonar av unge menneske i og utanfor eit skulemiljø har gitt liv og kropp til mange av dikta i boka. Men stemningane og kjenslene i dei er sjølvsagt mine. Stemningar og kjensler eg har no, og som eg minnest å ha hatt, då eg var 7 ½ , 14 ½, 24 ½ osb. Det å vera forelska t.d. kjennest ikkje stort annleis no enn det gjorde då eg var 14 ½. Og det blir vel om lag det same, langt på veg, når eg er 74 og, vil eg tru.
Det handlar altså mye om forelsking, om jenter (det er ein gut som snakkar), om å vera aleine – men ikkje nødvendigvis einsam, om draumar, om å leva, om å døy, om telefonar, klokkereimer og selskapsblærer – og litt om krig. (Dei dreiv og bomba Golfen då eg nærma meg slutten på boka.)
For at de skal få smaka sorten – her er side 69 (Eg saknar deg):

Eg saknar deg og
strømpene dine.
Eg saknar deg og
den strenge

tålmodige nasen din. Eg
saknar deg og den
luftige

måten du seier
ja vel! På.
Og til haustferien drar eg til Loch Ness for å skriva dikt om innsjøen, utan å nemna sjøormen med eit ord.



Tre tekstar:



På julaftan, etter gåvene

På julaftan, etter gåvene
kjenner eg eg lengtar etter
å vandra vennelaus rundt
i dei råkalde, snølause
Ryfylkeheiene.

Ikkje heile
natta, bare til eg kjenner
blodsmaken i munnen,
ser lysa frå
Byrkjedal.

(side 25)


Eg kjem liksom nærare

Eg kjem liksom
nærare
innpå deg
når du nett har
vaska håret.

(side 65)


Tredje nyttårsdag

Tredje nyttårsdag
klokka fem over
midnatt heng drysset
frå ein einslig
fyrverkerirakett
over Stavanger. Det er ein

som har tenkt over
saka, kjent
etter.
Og bestemt seg.

(side 73)