F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




John Lennon: Tenk deg
Gjendikting. 1987.

   
”En kunstner har gjendiktet en kunstner.”
Håvard Rem i Aftenposten

”Dette er ikke Lennon, dette er et falsum.”
Henning Kramer Dahl i Morgenbladet


Innhald:

Lennon te dokker (forord) 5

I
Gje meg tebars (det eg gjer deg) 11
Det går kje det 12
Ein hard’ dags kveld 13
Eg e ein tabar 14
Vil kje ødelegga festen 15
Hjelp! 16
Ekta norsk tre (fuggel i trekk) 17
Nullplass mann 18
Jentå 20
Spring for ditt liv 21
Hu sa hu sa 22
Eg bare sove 23

II
De evige markjordberveier 27
Lise på ei sky, diamantar 29
Ein dag i livet 30
Gutt, du e bra rige 32
Eg e herr Kvalross 33
Revolusjon 35
Glassløg-nydd 37
Framhaldssoga om Bungalow Ben 38
Lykkå e å ha et varmt løb 39
E trøtte 40
Blues for dokker 41
Adle samen har någe å skjula unntat meg og min abe 43
Ikkje skuff nå 44
Balladen om John & Yoko 46
Gje freden ein tjangs 48
Må ha deg (hu e så tunge) 50
Polyplast Pam 52
Kom i samen 53
Universet ud 55

III
Kald-kun 59
Instant karma 61
Mamma 63
Hold ud, John 64
Eg fant ud 65
Ein helt ifra Varmen 67
Isolerthed 69
Husk på 70
Kjærlighed 72
Vel vel vel 73
Gud 74
Mi mor e dø’ 76
maktå ud te folket 77
tenk deg 79
krøpling på bånn 8o
ein egen ein 81
få ein sannhedsslump, mann 82
kvinnå e nigger nummer ein 83
New York City 85
Syndag blodskams syndag 86
Angela 89
God jul (fred har brutt du) 90
Aisumasen (eg e leie meg) 92
Ta dagen i dag 93
Bare menn’sker 95
På gefuhlen 96
Du e her 98
Kjyddhavn 99
Ja, alt så heie nåttå inn 101
Ka du har 102
Angst 104
Nr. 9 drøm 106
Stål og glass 108
Ingen vil ha deg (e du tappa ud) 109

IV
Godaste gutt 113
Kvinna 114
Eg klare ikkje ta det 115
Va ingen så nevnte 116
Lånte tid 118



Baksidetekst (Samlaget):
Den engelske og amerikanske pop-kulturen i 60- og 70-åra har hatt mykje å seie for nyare poesi, også her til lands. Ikkje berre musikalsk, men kanskje i endå større grad i tekstane, gav den uttrykk for eit nytt stoff og ein ny vinkel som verka stimulerande langt ut over kulturindustriens primære målsetjingar. Det beste i denne tekstproduksjonen er skikkelig og nyskapande dikting som klarer seg utan tone og stemme. I dette perspektivet er det gledeleg at det nettopp er John Lennon Birkedal har slått ned på; for ved sida av Bob Dylan er nok
Lennon den sentrale fornyaren av poptekst- tradisjonen i denne perioden, og ein god poet i alle tydingar av ordet.
Arnt Birkedal (fødd 1959) har i sine tidlegare diktbøker synt seg som ein framifrå gjendiktar av slike songtekstar. Han har laga personlege og vederheftige versjonar av Paul Simon- og Bob Dylan-songar. Den endeframme, av og til naive, av og til skarpt analyserande diksjonen, pregar både Lennon og Birkedal.

Tre tekstar:

ekta norsk tre (Fuggel i trekk)

ein gong hadd’eg ei
-burde visst sei:
hu hadde meg
hu sa: her bor eg
bra sager, det
e ekta norsk tre

hu ba meg ble øve og finna ei ledige krå
eg leida, men fant ikkje någe å setta meg på

me satt mod ein vegg
hadde go’ tid
+ hjemmalagt vin
me preika te tolv
då sa u u frøys
og ville te køys

hu sa u sko tidlig på jobben og bjynte å le
eg sa eg va frie, fant badet og sovna i det

og når morningen kom
va u heilt vekk
fuggel i trekk
så fyrte eg opp
bra sager, det
e ekta norsk tre

”Norwegian Wood”, lp: ”Rubber Soul”, 1965
(s. 17)

balladen om John og Yoko

sto på kaien neri Southampton
prøvde å få skyss udenlands
mann i sydvest sa: å snu e nok best
du vett, de ga oss ikkje ein gong ein tjangs

Gud, du vett det e knallhardt
du vett det e ingen leg
sånn tingå kan se ud
så vil de korsfesta meg

gredde borda flyet te Paris
brudepara oss der ei stund
Peter Brown ringte: hei – Gibraltar e grei’
kan ble gifte der på britiske grunn

Gud, du vett det e knallhardt –

fra Paris te Amsterdam Hilton
preika ifra sengå sju dar
presså sa: fysj – mon de har på seg pysj?
eg sa: me prøve finn’ et fredelig svar

Gud, du vett det e knallhardt –

spara gryn og grunkar te ein regnversdag
gje vekk klenå te veldedighet
i går kveld sa kånå: gutt, når du dør så
tar du kje a’nt med deg enn ei sjel
tenk

gjor ein lyntrip øve te Wien
åd på kaga inni ein sekk
avisene sa: hu fiksa an, ka?
de e lige blitt så to flekkar blekk

Gud, du vett det e knallhardt –

morningføyg tebage te London
eigenydder med i et nett
presså smilte, sa: flott, lykke te og alt godt
det va kjekt at begge to fekk billett

Gud, du vett det e knallhardt
du vett det e ingen leg
sånn tingå kan se ud
så vil de korsfesta meg

”The Ballad of John and Yoko”, single, A-side, 1969

(sidene 46 – 47)



få ein sannhedsslump, mann

e oppte her av å hørra ting
fra svette kortsynte smalspora hyklokratar
legg ein sannhedsslump fram
få ein sannhedsslump, mann

eg har fått nok av å lesa ting
av nevro psyko poli tiske svinaskallar
legg ein sannhedsslump fram
få ein sannhedsslump, mann

null korthåra gulmaga sønn av råtne Rickard
ska få mamma såba myg skumma meg
med jusst ein lommefodl’ av glød
pengar te mjød
pengar te død

e oppte her av å bevitna ting
fra stramlippa perehøge smekkelekre mammaguttar
legg ein sannhedsslump fram
få ein sannhedsslump, mann

eg har fått nok av skua spel
av schizofrene navlekjære prima paranoia donna’r
legg ein sannhedsslump fram
få ein sannhedsslump, mann


”Gimme some truth”, lp: "Imagine", 1971
(side 82)