|
Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.
For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.
Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand
Kvar gong.
Dikt. 2003
|
| ”Det er kjekt å se at Birkedal blomstrer som poet. For det er det
han er. En lyriker med godt blikk for livets små detaljer. Enten det er
glimt fra en kirkegård i Stavanger, en hyttetur, en reiseopplevelse i
England, eller han mimrer litt over Disney-figurer. (…) Diktene til Birkedal
er nære og varme.”
Truls Horvei i Haugesunds Avis
”I denne naivistiske teikneserieverda må diktaren presisera at
moldvarpen ikkje har røykejakke og vest på seg (det er den første
ekte moldvarpen han har sett). Noko av det kunne ha vore emne til nonsensvers;
men Birkedal slepper sjeldan musikaliteten inn i sine eigne dikt.”
Eirik Lodén i Stavanger Aftenblad
| Innhald
I (TANTE ADAS HUND):
Stille vinterdag. Langt mellom jobbane 11
Somme sundagar 13
Eg treffer Gunnar Lunde på Korvetten,
Stavanger, seint i advent 14
Kannik Skole 15
17. mai - 16
To skjønne mormonarjenter sneier 17
Stein, stein, stein 18
Kvar gong eg står over mormors 19
Kvar gong eg vitjar kyrkjegardar. Finn 20
Til Odd 22
Bondeanger 23
Hans Petter Hansen 25
Kjenner på valvinden, smaker 26
Kvar gong eg drar for gardina
og får det for meg 27
Utom 28
I frynser av Stavanger-songane (I – X) 29
Kvar gong eg snur meg nedi vegen, veit 39
Isen har nynna sitt, er straks heilt heila 40
Her fell slik ein romslig frost (I – II) 41
Hyttedikt 42
Ho er aleine på hytta (I – II) 44
Morgon. Hyttelandskap 45
Heit juninatt (I – III) 46
Terrassekveldar, seint i juli 49
Kvar gong eg fattar kva dei meinte 50
Kvar gong eg veit eg ikkje set skikkelig
pris på bringebærsyltetøyet hennar 51
Kvar gong det stig i meg 52
Kvar gong eg finn 53
II. (KVAR GONG EG)
Kvar gong eg opnar 57
Kvar gong eg støyter på 58
Kvar gong eg ser verda gjennom 59
Kvar gong eg ensar 60
Kvar gong eg brått kjenner meg 61
Kvar gong eg minnest 62
Kvar gong eg fattar 63
Kvar gong eg blar over 64
Kvar gong camparen 65
Kvar gong eg 66
Kvar gong eg kjenner att 67
Kvar gong eg blir var 68
Kvar gong eg ryddar ei lise 69
Kvar gong eg blir 70
Kvar gong eg må tenka meg 71
Kvar gong eg finn 72
Kvar gong eg må inn på 73
Kvar gong eg kjem til dei 1000 heimane 74
Kvar gong eg flyttar meg 75
Floral Day 76
Stinkande 77
Ein stad i Cornwall (I – III) 78
Pubhundar 79
Ei sløra signing 80
Kvar gong eg finn 81
Denne evigheita 82
Togblikk 83
My Bonnie, originalversjonen 85
Sgt. Pepper i hjartet mitt 86
I’m a lager-girl myself 87
Kvar gong eg fattar 88
Moldvarp, Zennor-kyrkja 89
Korniske havfruer 90
Tanworth-in-Arden 91
Laugharne 93
Ord, namn 96
BAKSIDETEKST (AB):
”Tidspunkt og mest staden er alt i denne poetiske registreringa. Eg er
her eller du er her,” skreiv Helge Rykkja i meldinga si av Arnt Birkedal
si debutbok, ”Balladen om hålet i dørå”, i 1983.
20 år er gått. Og Birkedal har skrive bøker i fleire sjangrar:
Dikt, romanar, kortprosa – for vaksne og unge. Han har skrive visetekstar
for Gruppa Vamp og andre. Og no, i denne boka, handlar det igjen om å
vera her.
I Stavanger, i Cornwall, i livet, på puben, i vinteren, i sommaren, i
minna, over haugane. Kritikarane kalla i si tid ”Balladen” ei slentre-
og ruslebok. I ”Kvar gong” blir det òg rusla og slentra,
men ruslaren er 20 år eldre.
TRE TEKSTAR:
Stille vinterdag. Langt mellom jobbane
Glasmeisteren
kakkar kvassare.
Me skjønar
han er ute på
godt.
Røyrleggjaren
plystrar ned
trappene. Gjer
klart: Han kjem
snart igjen.
Ein politibil
står skeivt
i ein krapp
sving.
Pauserom. Tomme
portar. Nett ut-
pusta røyk.
Låg sol inn frå sidelinja,
kaldare
bankfilialar.
Kebabrestar
i telefonane.
Alle
Kyrkje-
gatene
ned,
frå
burettslagleiar
til
han som tauar bilar
bort,
frå
Misjonshøgskolen
til
markene,
frå
dama hos Narvesen
som er ute, rettar
på avisene
til
han som klubbar
ned tale
på Stortinget.
(Sidene 11, 12)
Kvar gong eg ser verda gjennom
Langbeins vindauge. Ser
Peanøtthagen. Klessnora
til Klara Ku. Sølevegane
ut. Ein høg bil med soltak. Mot
Bestemors gard. Guffen sit
under treet. Mot Lilleulvs- ,
Storeulvs postkasse. Grisenes
hus. Røyksignala: Lille
Hiawatha. Skogane. Bambi og
Jernkjeve.
(Side 59)
Kvar gong eg finn
eg heng
over disken
i ein pub
i ein hamlet
i eit søkk
over åsane
over åsane. Og kjenner
eg heng bare
her. Over denne
disken. I dette
søkket.
Over åsane,
over åsane
att.
(Side 81)
|
|