|
Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.
For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.
Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand
Det har komme ein komet.
Nordiske dikt for barn. 2003.
Gjendikting
|
|
Untitled Document
Denne diktsamlinga er intet mer enn en liten sensasjon! Her får du noen
av nordens fremste forfattere og illustratører samlet på ett brett.
Alle forfatterne skriver dikt, men de viser hvor forskjellige dikt kan være.
Her finner vi alt fra det nyenkle til mer tradisjonelle former med enderim. (…)
Tekstene erglimrende gjendiktet av Arnt Birkedal.
Agnes-Margrethe Bjorvand i ”barnebok.no”
Et vellykket samarbeid, der – så langt mitt språkøye
kan se – Arnt Birkedals gjendikting også bærer kvalitetsstempel.
Nordlys
| INNHALD
LENA OLSON ANDERBERG (Sverige)
Liste 11
Monster 13
Storebror 14
Galopp 16
Fødselsdag 18
THÓRARINN ELDJÁRN (Island)
Skyer 21
Løvetann på enga 23
Vatn 24
Spagettimannen 26
Herr Tverre 28
KIRSTEN HAMMANN (Danmark)
No dansar lauvblada 31
God dag, eg heiter Harmonika 32
Når det er vinter for alle andre 34
Endeleg 36
Eit spørsmål 38
HANNELE HUOVI (Finland)
Dansetær 41
Draumereir 42
Våren 45
Skymammaen 47
Dropen 48
EVA JENSEN (Noreg)
Sidene 51 til 58
ALEXANDUR KRISTIANSEN (Færøyane)
I Åmot på Rena 61
Tre små karar ifrå Stokka 62
Engelen 64
Vêrkart-mannen 66
Du er her 68
HANNE KVIST (Danmark)
Det poppar 71
Husa er aleine heime 72
Eit underleg hotell 74
I natt 77
I dag vil eg vera ei skarpklo 78
BARBRO LINDGREN (Sverige)
Rosas barn 81
Vi ventar på stormen 83
Det har komme ein komet 84
Sjå, Rosa, skyene! 86
Rosa ser på verda 88
TITTAMARI MARTTINEN (Finland)
Eldslukaren 91
I spegelsalen 92
I spøkjelsestoget 95
I berg- og dalbanen 96
Lykkehjulet 98
FINN ØGLÆND (Noreg)
Sidene 101 – 108.
BAKSIDETEKST (SAMLAGET):
Her kjem ei ny og spennande bok med dikt for barn frå seks nordiske land.
Ti forfattarar har komme saman frå Danmark, Finland, Færøyane.
Island, Noreg og Sverige. Dei har skrive ei mengd artige, forunderlige, poetiske
og fantasifulle tekstar. På ulike måtar fortel desse dikta om kva
som går for seg i tankeverda til barn og barnlege rundt omkring i Norden
i dag.
Frå Noreg skriv Eva Jensen om når sola kjem att etter mørketida,
om bading i ein blå fjord, om grøne krokodillar og brune sniglar.
Finn Øglænd skriv om korleis det kjennest når dei vaksne
spør berre for å spørje, og ber barna om ikkje å vere
som dei er!
Barn i Norden er barn i verda. Men er det noko særskilt som er felles
for oss i Norden? Les dikta og tenk…
Sjå på dei fantastiske bileta som teiknarar frå dei seks
landa har laga. Og høyr på CD-en som følgjer med, der forfattarane
les på sine språk. I boka står eitt dikt av kvar forfattar
både på originalspråket og på norsk. Slik får
du sjå både likt og ulikt.
Og kanskje får du lyst til sjølv å skrive dikt?
Tre tekstar:
BARBRO LINDGREN (Sverige):
Det har komme ein komet
Tenk Rosa,
det har komme ein komet
skinande og blank på let.
Høgt, høgt på himmelen over vårt hus
flyg han gjennom svarte netter.
Slik må han alltid flyga på
over skogar, fjell og aude sletter.
Sjå Rosa,
sjå kometen over vårt hus.
Han har hale, nett som du.
Men ingen snute, ingen bein,
han er kje nett blitt vaska rein.
Og ikkje er han mjuk som du,
og ikkje kan han lyfta poten.
Han susar fram her likevel
høgt over alle land på kloten.
Sjå Rosa,
sjå kometen over vårt hus.
Sjå nøye, snart forsvinn han radt.
Om tusen år så kjem
kometen hertil att.
Då er vi borte, du og eg
for lenge sidan, ja så menn
om ikkje så har skjedd
at vi har livna opp igjen!
(Side 84)
HANNELE HUOVI (Finland):
Dansetær
Kven har vinden i sine dansetær,
lattersand i sine hoppetær,
og sjøens bølgjer i sine kosetær?
Du har, du har
lattersand i dine tær.
Kven har himmel i sine dansefingrar,
ein latterhauk i sine hoppefingrar,
det store havet i sine kyssefingrar?
Du har, du har
ein latterhauk i dine fingrar.
(Side 41)
ALEXANDUR KRISTIANSEN (Færøyane):
Engelen
Skodda er ein duk
ein engel har vove
i vindauget, så mjukt
medan du har sove.
Mellom vengene
får alt du drøymer
godt med plass.
Når regnet strøymer
vaskar bygda håret
så det glitrar.
Du ser mot vindauget
der dropar sitrar,
og der sit engelen
heilt våt frå flaumen,
kjemmer vengene
etter draumen.
(side 64)
|
|