Innhald:
Stokkavatnet, 1890 9
Femmen
Vesle John og Will rir vekk 13
Leika Robin Hood i trea 14
Me er samla heile gjengen 15
I fagre England 16
Eg tar bare bussen 17
Dei kan spela inn 18
Plutselig kom filmen inn i verda 19
I 1933 20
Johnny Weissmuller 21
Eg sit i pussekroken 22
Dette kartet eg har teikna 23
Hos helsesøster (eller: Flygeøgla kjem inn i biletet) 24
Biletet som heng over sofakroken 27
Utsikta frå stovevindauget 28
Bibelen, filmen 29
Landet Nod 30
I byrjinga vandra Enok 31
Dei bibelske filmane er så lange 33
Snehvit (Walt Disney –37) 34
Frankensteinmonsteret jagar 35
Dei som sit bak 36
Engel på kino 37
Eg kjenner ikkje mor hennar 38
Du vandra med Israelsfolket 39
Jesus og disiplane står og dillar 40
Ho set seg til for å eta appelsinen sin med oss 41
Så byrjar ho å dansa 42
Skoletur 43
Eg var landevegsrøvar i fagre England 44
Heile lange sommaren
Eg var med 47
Det første Asterixet fanst 48
Så kom den dårligaste 49
Eg har ei kusine på Vaulen 50
Avskjedsscener på film, i bøker 51
Oslotur 52
I dei norske filmane 53
Det var eg som var Noa 54
På Austlandet, om sommaren 55
Første gong i pissekø 56
Inn i teltet 57
Midt i feriebilturen 58
Himmelen er så blå 59
Ho Nelly 60
Det var eit hus 61
Dei plumpe, grove kvinnene på Tananger 62
Det spring ulvar utpå Forus 63
Tastamannen 64
Gratulerer med dagen! 67
Jentene på utbygda 68
Kvifor humrar alle 69
Skulle eg gifta meg 70
Ingen eigde humor 71
Blikket mitt blir fjernare 72
Hyttetur 73
Let it be (bootleg) 74
Me renner syklane våre ned mot stranda 75
Å surfa er ein einsam ting 76
Alle dei finaste jentene i landsbyen 77
Eg tar av meg hovudtelefonen 78
Den berømte trommeslagaren tenker 79
Den berømte trommeslagaren drøymer seg vekk 80
Den daude, berømte trommeslagaren ser tilbake på karrieren sin
81
Dei brukte møtast 82
Barnevakt 83
Ho les bare krim 84
På akvariet 85
Eg kjenner det på meg 86
Om det passar at du stikk innom? 87
Bellamy Brothers 88
Sjuen
Der er alltids eit Hollywood 91
Den breie, høge porten 92
Så kjem partiet med knitring 93
Dei siste fire minutta 94
Tarzan sit 95
Det er djupt i Afrika 96
F-filmar (om Tarzan?) 98
Den første vaksne 100
Amerikansk film, 16 år 101
I dei store amerikanske filmane 102
Eg hadde nesten gløymt 103
Vampyrane har tida for seg 104
Velkommen til mitt hus, sa grev Dracula 106
Hebrearane har meir reinskorne 107
Dei har Jesus inni seg 108
Alt det eg seier og gjer 109
Negerfamilie, skoleplansje 110
Min kjærast frå det svartaste Afrika 111
Det blir ikkje forkjært 113
Så mye av det som skjer i filmane 114
Endelig ei utandørs scene 115
Guden Pan spring 116
Nøsta opp dei gamle legendene 117
I Jurassic Park 118
Alle orangutangane i bur 119
Himmerik (1-5) 120
Skolegard 122
Ingen som spelar sekkepipe (ein søndagsdraum) 123
T.d. Bambi (1942, Disney) 125
Først traskar Donald Duck bortetter vegen 127
Dei gamle stadene 128
Den heilage gralen 129
Så kjem julehefta 134
Kulissar i ufattelig gamle filmar 135
På indre Tasta 137
Tre tekstar:
Landet Nod
Det var bare rundt her og dei taggete fjella omkring som fanst. Pluss den hagen
i vest som mor mi og far min skulle ha sprunge ut ifrå – ein gong
før i tida.
Så kvar skulle eg springa til, no når eg hadde drepe bror min
like før frukost? (Eg hadde så mye penare nase enn han og me skulle
eta egg.) Medan han låg og sov. (Somme frukostar var nasen hans bare ikkje
til å halda ut.)
”Freist i landet Nod!” sa ei stemme i hovudet mitt, der eg duppa
av på ei slette. Bak ein liten stein.
”Og kva har eg å vinna på det, då?” spurde eg.
Eg var vaken der ei stund.
”Kjærastar, sa stemma. ”Dei finst fiks ferdige der, landar
i skjul av fjella. Mogne, frå før av. Eg skal gi deg eit merke
å springa vidare på. Så ingen skal ta å kverka deg bakanfrå
medan du spring. Før du får slått deg til roi landet Nod,”
sa stemma.
Eg duppa av att.
Eg visste med meg sjølv at det ikkje var nokon andre her – på
slettene – til å kverka meg bakanfrå. Men eg fekk no dette
merket før eg vakna, som eg no ber på all min dag. Det sit her
på panna. Det sit attmed nasen. Det sit ytst på aksla . Så
alle skal halda fingrane vekke.
Så eg sette snart av garde austover mot solslettene, mot kjærastane
i landet Nod.
Eg bare duppa av først.
(side 30)
Ho les bare krim
Ho les bare krim. Ho er heilt vekke. I den vesle, engelske innlandsbyen står
ho nett og ventar på bussen.
Graset er engelsk grønt. Engelsk mur, hushjørne. Koks på
høgborne vinddrag.
Ho tenker: Det må bety at Philip hadde fått gifta i seg allereie
innan Caroline kom inn i stova for å skjenka han den iskalde ølen!
Det byrjar så smått å yra. Då denne grå minien
kjem skrensande.
(Me forlet henne der – det er rimelig trygt – og tar oss noko
mjølk og nokre kaker.)
(side 84)
Det er djupt i Afrika
Det er djupt i Afrika. Djupt og sabla vidt. Tarzan går gjerne åleine
no. Ikkje fordi Jane er daud eller noko. Det er bare blitt slik.
Brått så er han der. Så er han her. På marknadsplassen
midt i landsbyen. Og alle veit: Der står Tarzan. Med alt det gjerne fører
med seg. Av godt og av vondt. Alle veit det blir alvor.
Han står på marknadsplassen midt i landsbyen. Sidan sist dei har
sett han, har han vore borti maurfolk , vikingar, utdøydde kjempeøgler,
sabeltanntigrar, misjonærar frå Vigerstad og dei halefagre jentene
i Pal-ul-don. Det har gått rykte over trommenettet, så dette veit
folk. Det meste om.
”Der står Tarzan,” seier folk.
”Skal tru kva han vil oss denne gongen,” seier dei.
”Det er bare å venta og sjå kva som hender.”
”Og kor har han gjort av Cheetah?” seier ei jente.
”Ho er bare med i filmane,” seier storesøstera.
Tarzan går bort til ei fruktbu, kjøper seg fire kokosneter, to
stykke av ei gul, rund, svær, velsmakande frukt som eg ikkje veit kva
heiter. (På apespråket blir ho gjerne kalla unk-sopu.) Og ein utsøkt,
enkel blomebukett.
Så strenar han forbi brødfruktene, bua med dei kandiserte termittane.
Og inn ei lita sidegate.
I den femte bungalowen her bur ein gammal kjærast av han. Ei han har
gøymt på – i hjartet sitt – sidan den tidligaste ungdomstida.
Månadane mellom apeperioden og den første kvite livbåten.
Han bankar tålig på og går stille, stilreint inn.
Utpå morgonsida kappskrik alle hanane i landsbyen. Tarzan er alt ute
i gata. Han snur seg litt og vinkar. Ein skal ikkje vinka så voldsomt
heller når ein blir borte frå ei ein er glad i ei tid. Det er ein
nokså vanlig feil å gjera.
(sidene 96, 97)
|