F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Kaninar og kaninar.
Barnebok. 2006

Nominert til Kirke- og kulturdepartementets litteraturpris!



   

”På høy tid! Heia Birken!”

- Eli Frisvold i elis lesebabbel

”Et gullfunn av ei barnebok er Arnt Birkedals Kaninar og kaninar, gitt ut på Samlagets Komet-serie. Boka er et bevis på at en må slett ikke arbeide i det store formatet for å skape bøker av høy verdi. (…) Det er eksistensielle vilkår det dreier seg om i denne boka. Det handler om å skape seg en virkelighet, og om å ta opp kampen mot de som truer den. Denne tematikken formidler Birkedal gjennom en form som er både lyrisk og humoristisk, preget av en lett, men likevel drivende rytme. Formen er gjennomgående lavmælt, men desto sterkere virker de ville glimtene av den andre verdenen, der ondskapen etter sigende bor."

- Geir Vestad i Hamar Arbeiderblad



KATALOGTEKST:

Forteljaren i denne historia har kaninar i lag med Stein. Dei to gutane har vore oppe i heile 27 kaninar. Men nokon har opna dørene på bura deira, og berre ein kanin er att. Gutane er sikre på kven som står bak. For bakom haugane og skogane ligg Solsletta, og der bur dei slemme gutane, Solslettegjengen. Dei som vil øydeleggje alt. Arnt Birkedal har skrive denne lettlesboka for 10–12-åringar, som er ei spennande, vakker og poetisk barndomsskildring om to gutar som driv ein liten kaninfarm. Illustrert av Bo Gaustad.

 

Tre sider:

Med Mãrtha Louise si paring gjekk det slik til:

Me tok henne med i ei eske bakpå sykkelen

ein mørk kveld

ned til Egenberg sin store, svarte.

Medan familien Egenberg sat i stova og såg på tv.

Dagsrevyen kan det ha vore.

Me såg sonen i familien tydelig gjennom stoveglaset.

Me måtte vera inne snart, me òg.

 

Me fann buret til den store, svarte,

og sleppte Mãrtha Louise kvikt oppi der.

Me trudde, me håpa dei ville para seg.

 

Me merka det bråka skikkelig der nede.

Det bråka skikkelig, og så blei det nokså stille.

Då tok me og lyfta henne opp etter nakkeskinnet,

slik ein gjerne gjer etter paringa.

Svære Mãrtha Louise.

Me håpa i alle fall at det var henne me drog opp.

 

Då tida kom, skulle det visa seg

at ho fekk heile 14 ungar.

Me såg på då dei blei fødde, fleire av dei.

Dei kom plopp, plopp.

Plopp, plopp, seint på kvelden, såg me.

Me såg og såg. Me hadde lommelykt.

Hadde me sett dei betre,

ville me sett at dei hadde opne auge.

For det har kaninane når dei kjem

til denne verda.

Det står i kaninboka.

Så gjekk me heim og la oss, då, Stein og eg.

For å la dei nyfødde og mor deira få litt fred.

 

Denne seine kvelden eigde me 20 kaninar.

Ein heil liten kaninfarm, altså.

 

Ja, me var oppe i 27 denne natta,

skulle det visa seg.

Sånn cirka. Me tok og talde skrottane.

Skrottane, ja.

For morgonen etter låg alle ungane

daude, slappe, halve og utan hovud.

 

Stein visste med ein gong kva som hadde hendt:

Når kaninar blir engstelige,

tar dei livet av ungane sine.

For å vera på den heilt sikre sida.

Det er instinkt.

Noko djupt inni dei seier

at dei skal gjera det.

Det er ikkje rett å kalla dei kannibalar.

 

                                               (Sidene 21 - 23)