F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Is- og Donald-svingane
2004

   
Dette dreier seg faktisk om noko så stort som å fanga ei ålmenn erfaring i presise diktlinjer! Så for alle som har kjøpt is og Donald og gått svingane heimover att, ta til dykk dette! Birkedal leverer varene! Og med imponerande naivistisk nerve maktar han å trylla fram den særeigne stemninga i dikt som ein får lyst til å lesa under dyna med lommelykt medan ein lyttar etter stega til mor som alt har vore på soveromsdøra og sagt ”Nå må du sova!” fire gonger.

Helge Torvund i Dagbladet



Det einaste eg tør seie er at teikneseriefigurar frå barndomen til forfattaren kryp ut og inn av denne diktsamlinga på 110 sider.
Dersom nokre av lesarane vil kommentere boka, står spaltane på vid gap.

Varden


Gamle teikneseriar luktar 8
1
I denne svingen 13
Ved sjøen i sandkassa 14
Me er mellom 15
Mellom 17
Mellom, og det er nok 18
Flagreøyre, tenkehette 20
Livsens bok 22
Dolly – jenta over vegen 23
Timmi Grashoppe 24
Klara Klukk, filletante 26
Fetrane kjem på døra 27
Mikke Mus (Onkel Sverre ligg på sofaen) 28
Klaus og Klara – opphavlig 29
Langbein – opphavlig 31
Eg har så lett for vers 33
Esel, du!

2
I denne svingen 39
Dyra i Dyreparken 41
Camping 42
Sveige over grensa, utom vêrmeldinga 44
Me lærer fort: Det er to sett 45
Seriar går inn 46
Frekner 48
Dei to grovaste 50
Snipp og Snapp 52
Tipp, Topp 54
Alltids 56
Me tel sauer 57
Eg vil freista å drøyma 58

3
I denne svingen 63
Leik går av stabelen 65
Superklubben 67
Frå heimstaden 68
Samleperm 70
Julas ånd 71
Kyrkjegarden på Revheim 72
Gudelære (kanefart) 76
Gudelære (i byrjinga) 77
Gudelære (bileta på veggane) 78
Knoll og Tott 79
Er eg sjuk og 80
Eden 81
Serieteiknars hustavle 82
Fargeleggjars hustavle (Soloppgang) 83
Timmi Grashoppe finst også 84
”Neste morgon” og ”seinare” 86

4
I denne svingen 91
Siste kvartalet 93
Dei første klassefestane 95
Der er forelskingar 97
Skiftar grammofonstift. Leiker Gud 98
Dick Djerv, teikneseriehelten 99
USA 100
Engelskmannen 101
Det gamle landet 102
Sandnes 104

5
I denne svingen 109
Ytst 110



BAKSIDETEKST (AB):

Forfattaren påstår han voks opp med utsikt over Klara Ku si klessnor og Langbein sin peanøtthage. Med Mikke Mus til onkel og Timmi Grahoppe til far. Petter Smart og den vesle hjelparen hans budde like borti nabolaga.
Arnt Birkedal ser tilbake, og fortel oss kva han ser.

TRE TEKSTAR:


ME ER MELLOM

Me er mellom
gjerde
og
gjerde,

mellom

katt
og
hund, dei

pratar
seg imellom
på dei andre sidene.

Mellom
gjerde
og
gjerde

i støvande,
fanga
sol. Mellom

kattesoger
og
hundeliv, me veit
dei spelar
seg ut
mellom bosspann,

sjeldsynte blomar,
i solhjørne
på dei andre sidene.

(sidene 15, 16)



KYRKJEGARDEN PÅ REVHEIM

I
Halve daude
slekta mi ligg over
åskammen på Revheim, kviler
rundt kyrkja der. Det var nok
det greiaste i oksekjerra og
pesta si tid. Og så blei det
ein vane. Jorda der oppe
er gode for beina
våre, fann dei
ut. Eit hjørne der
i utkanten blir klargjort
for meg når
den
tid
kjem. Sjølv,

kjenner eg etter,

ville eg nok heller
spøka i eit vegeskil,
i skodda, langs ein steingard
på ein aude mo. Eller
drøyma æveleg
på heilag indianargrunn. Flyga
gjennom Grand Canyon
i ein mett kondor. Slokna
under eit vindskeivt tre,
i Chilkoot-passet, det kvite,
med ei taske post frå
ponniekspressen ved sida.
Bli funnen av gullgravarar på veg
heim etter eit rush, bli gravlagd
så vidt det er i den skrinne
jorda, med bare nokre steinar
til å halda sjela mi på plass. Sjølv

ville eg nok heller bli eten av
ei vennlig, svolten løve. At dei
fann beina mine til sist på elefantane
sin hemmelige gravstad. (Sjå, der
fekk dei kvite fangarane noko å
tygga på.) At eg låg under ein

varde på ei sydhavsøy, der eg
slokna i ei soge eg fortalde. At dei
mintest meg kvart år, med faklar,
dans og uendelig lange
songar. At sjela me var dømd
til å flakka vide om
på hava som ein
albatross, som ein
albatross fann eg
hamna og ruta di.

II
Men så kjem julaftan.
Og på julaftan,
i barfrosten,
blir gravene så mjuke
å gå på,
å sjå på,
faste og
kalde å klappa
i den låge sola,
duene blir så
tydelige,
prydelige. Så

kjem julaftan, og pakkar
oss og alt saman. Då
går det ei tydelig
glansa bru mellom
Revheimsåsen og
her – heime. Så det er nok
tryggast, best, når alt kjem til

alt, tenker eg, at eg legg meg
til der oppe eg òg, mellom
juledekorasjonar og
tremenningar. Når alt
kjem til alt. Når verda ligg slik
på skeive. Det er blant anna
derfor me feirar jul om lag på denne
tida. Når verda ligg slik på
skeive. Og Revheimsåsen
vender
ut.

(sidene 72 – 75)



TIMMI GRASHOPPE FINST OGSÅ

Timmi
Grashoppe
finst. Også
når me ikkje
ser han,

børstar han skit
av frakken. Han har ikkje
samvit til å sløva
meir. Han går
for å vitja gamle
kjente.

Han kjenner Mary, som er så
glad i det snøkvite lammet,
han kjenner Påskeharen, og
kona som bur i ein
sko. Han er heimekjent

i toppane, hos Snipp og hos
Snapp. Og hos fea
Tingeling. Han står på ei
grein, har nett banka på. Ho flyg
til døra og lèt han inn.

Han tuslar seg gjennom
landsbyar i blankmørkret.
Mange er nettene
då han stansar ved
dammen før den gamle
mølla, midt inni
skogen, me veit.

Stansar, kviler
på paraplyen.
Tenker:
Skal han
eller
skal han ikkje
famna, klemma
den duppande,
fulle
månen?

(sidene 84, 85)