F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Inst inne.
Roman, ungdom. 1994

   
”Birkedals beskrivelser av (Bergfrid og eg sin) hemmelighet gir meg følelsen av å ha slumpet borti en godt skjult skatt. Han er lakonisk og mykt morsom og skriver på et vakkert og oppstykket nynorsk.”
Janike Kampevold Larsen i Bergens Tidende

”Poeten Arnt Birkedal er – etter mi mening pr. dags dato – på ville vegar med ”Inst inne”.”
Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen


Innhald:
1. Bergfrid og eg 7

2. Hola 39

3. Kva blir det til? 71

4. Sluttskrift 105

Baksidetekst (AB):

Barndommen er noko å samla på.
Du kan gøyma han i eit rom på loftet.
Eller innarst inne.
Inst der inne, du veit.

Tre sider:

45. Alle kjende til hola

Hola. Alle kjende til hola. Storebrørne og vennene deira. Tyskarane skulle ha laga seg ein bunker der. Yttarst ute, dei våga seg ikkje lenger inn. Eller rakk det ikkje før freden brått greip dei, og dei skunda seg heim. Hitler hadde store planar om å gøyma seg inni der då det stod på som verst. Inst der inne. Han sende folka sine rundt på heile kloten for å finna den beste inngangen. Heilt mot slutten. Så måtte han skyta seg då, i ein annan bunker, i Tyskland. Såg inga anna råd. Og det blei aldri noka skikkelig holeferd med han.

-Bra for oss det, sa Bergfrid.

46. Ytste neset?

Me tok oss tid til å gjera turen utom ytste neset. Som snarast, før me tok fatt på sjølve oppstiginga. Ytste neset før fjorden svinga utover – mot svære opne havet? Sat ei stund der på det glatte berget, i glattaste laget. Fann ut at det slettes ikkje var ytste neset. Det var i alle fall minst ein knaus til som sperra utsikta. Ingenting å gjera med det no.

Me såg eit par nye avlange holmar, øyar som heller ikkje var med i kongesogene, på biletet der. Om lag der kor den siste, einslige båten rundar foten av Tua, for å bli med på slossinga på eine eller andre sida. Eller kan
henda han bare skulle på tur føre middagen, og ante ingenting om heile slaget.

Verken Snorre eller teiknaren kunne ha vore heilt her ute og sjekka skikkelig. Bakgrunnsfjella var og ganske spinngalne, det me kunne sjå. Og så mye kunne dei vel umulig ha forandra seg sidan den tid? Bergfrid meinte dei kunne. Og dei kunne godt – for meg.

Men han måtte ha vore her, teiknaren, i nærleiken i alle fall. Kan henda sete i ly av Badehaugen. For kanin-holmane hadde han fått bra til.

47 . Me tok fjelltoppen

Me tok fjelltoppen, Tua, frå baksida. Det første stykket rundt var det ikkje noka stiging å snakka om. Høgdedrag, kan ein kanskje seia. Måneaktig, tørr sand. Marinen sin skytebane. Raudt flagg på Tua tydde at dei dreiv og skaut her oppe. No var her ingen. Ein gammal, liten mann med ein tynn, pistrete hund, kanskje.Me fann og ei og anna tom, raud patronhylse, men tok dei ikkje med no. Me hadde jo anna å ta oss til.

Bare den aller siste beten måtte det klatring til. Var ikkje så gale bratt. Gjennom rognebær – og brakekratt. Bak på andre sida av Madla-verda. Me såg havet, det var voldsomt stort.

Sjølve holet var ikkje så lett å finna. Det tok si tid.