F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Hytteboka
Dikt. 2007


   
"Poeten har skaffa seg ein privilegert ståstad utanfor samunnet som verkar frigjerande på det poetiske blikket. Birkedal går til verks med eit mangfaldig og sikkert formspråk som ikkje nødvendigvis styrer assosiasjonane i bestemte retningar. (…) Poeten alluderer elles ofte til barnevers og popsongar, teikne- og tv-seriar og kan på frigjerande og frekt vis dyrke det poenglause."

- Sindre Ekrheim i Bergens Tidende

"Eigentlig burde han kanskje bare skriva for barn og unge – og for Vamp. Eit anna spørsmål er om ei slik bok med dikt for unge når målgruppa. Om ho ikkje gjer det, kan det ha noko med lesevanar å gjera – men også med den tidvis introverte mumle- i-skjegget-måten Birkedal skriv på."


- Eirik Lodén i Stavanger Aftenblad


INNHALD:     

1.
I hytteveggen, i kveldinga 1      13
Godvêrssky, makrell      15
Or stilla      16
Me ser tosame billykter flakka     17
Ja, bare gå og skru på      19
Kva er skilnaden       20
Nett no brenn eg inne med noko      21
Peiselden – mot slutten      22
Me gjer oss løgne        24
Att heime: Julinga      25
Att heime: Sommarferiefilmar      27
Senga mi på hytta      28
Om natta når du er ute og strør     30

2.
Marit Vassause     33
Høyr, gauken gjel fram       34
Langt ute     35
Tvillingar     36
Mormor stiltrar seg     37
På hytta: Susen       38
Kval      39
Me er ikkje like       41
www.solo.no      42
Morgongullgudinna blei borte      44
Me finn tid     45
Me les mursteinar      46
Att heime: Biblioteket     47
Ballgutanes reservar     48
Folk på dei andre hyttene?     49
Dei som daffar forbi     50
På verdas ende     51
Hyttevatn       52
Vera ute i båt i lag med ho      53
Å tenka på etterpå       54
Etter oss       55
Etter oss: Beveren      56

3.
Reisedag     59
Me reiser om natta     61
Hytta er ein annan stad      62
Draumen om Amerika       64
God knirk      65
I stova: Alkohol      66
Bare vent      67
Me leikar politi og røvar     69
Hytter blir straks romsligare       70
Åreknutar     71
Heime: Firkantane      73
Att heime: Det siste me hadde i lag      74
Fotos av storebrør aleine på tur      76
Storebrør, aleine på tur      77
Den sjuke sveittar, svevar       78
Utsikta frå toget       80
Att heime: Draum       82
Me vitjar ein landsby i himmelen        83

4.
Sandkasse: Naturbedd      87
I hytteveggen, i kveldinga 2      88
Over skogane, over kjerringråda      90
Dagen mormor døydde     91       
Mormor går bort / I Italia, der / Slekter dryp     94
I hytteveggen, i kveldinga 3     97
Draumen om raua mi i Rom      98
Lenger borti holtet      109
Mellom himlane      110
Langt inni skogane      111
Ark      112
Og hytteboka?      113

 

TRE  DIKT:

GODVÊRSSKY, MAKRELL

Med natta kjem godvêret.

Den opne luftige makrellstørja
kjem sigande inn
over svarte skogen.                                          

Ho legg seg til, ho breier
fine fiskebeinsmasker
over oss, dei er

opnare no, 
lausare i fisken,

pierca av stjernebilete.

(side 15)

 

PEISELDEN – MOT SLUTTEN

Dei utbrente furukubbane
opnar, vrenger
irrgangane,
årgangane sine.
Ein siste gong

blæs det opp,
syner helvetet fram sine                                                   
gildare sider. Så får me sjå              
dei mest innfule

fule. Djevelens krut-
kammer, maskar og heile hans
indre vesen. Sodoma
sine skeive vindfang,
kjellarhalsar.
Dei heitaste fittene

i Zanzibar.
Men Zanzibar
kor er no det?

Eit blodoffer stig opp
mot ein stenka himmel
mellom totempælar
i Nevada-ørkenen.

Manitu, allærs drott,
ughar sine mette
ugh. Ein aner dei siste

tiders revolvermenn
plaffa flaue knallapp-plaff
i småbyane

stadig lenger bak.

(side 22)

 

 
DRAUMEN OM RAUA MI I ROM

1.
Visst, visst kjenner dei mi
rau i Rom. Det er mi rau i Rom
dei leitar etter, lengtar etter, alle, der
dei køyrer rundt og rundt
Colosseum. Det er henne dei
hoiar godt nytt om ifrå vindauga.

Det er om henne praten går
ute på Petersplassen. Det er henne
dei kviskrar om og peikar på
i Peterskyrkja. Ja, det er mi rau
i Rom det dreier seg om der.
Dreier og dreier.
Heilt opp til jomfrua i kvelven.

2.
Ho får hjarte til å jubla, synga.
Det er henne dei spelar opp til.
Frå barn og fulle prestar får ho høyra det.
Tusen vise spør og undrar seg:
Kva er dette for ei underfull rau? seier dei. 
Og kven er så ho når ho er på hytta
og heime?

3.
Dei nikkar gjenkjennande til raua mi,
alle som har hange med ei stund: 

Bonden bak sin plog,
piraten bak sin cd-brennar,
abbedissa bak sine stigma
og rosenkransar,
helgenen bak sin tomskalle,
morgonsjåførane bak sine bulkebilar,
kveldshundane bak all den gamle skiten,
bak denne blanke nye.

4.
Her har dei sakna henne.
Her har dei venta henne.
Overalt treffer ho klassekameratar
og gamle soldatar.

Små hundar spring bak og føre.
Ungane gler seg, dei klappar kake søte,
nappar henne i nattskjorta, flirer: - Hei!
Skal me gjera alt det kjekke me gjorde
då du var her sist? Raua mi meiner å
minnast at det var noko med
myntar, kjegler og vippepinnar.

Men ho er ikkje sikker, så ho
held løyndomsfullt kjeft.

5.
Folk kjem til ifrå alle kantar, frå
Alicante, stader der flya landar, men
ingen veit heilt kvar dei ligg.
Dei minnest førre gongen ho stakk
innom og gongene før den.
Basta og bunden, kvilande
i laurbærblad, fettucini og tagliatelle,
mellom olivenlundane i triumf.

6.
Frå tempel i kjellarane
stig gild, gjelda song:
- Raua mi i Rom,
syng dei. – Raua mi i Rom
- Og låra.
Og: - Mi rau i Rom vera lova.

Og så klaskar dei seg seint fire gonger,
som for å skremma bort orm.

7.
Det var ho som fann opp
skoleplansjane i si tid. Ja,
det var mi rau, det.
Ho øvde seg og blei
stadig betre på å teikna
tårna og klippene
i bakgrunnen. Ho nådde eit slags
høgdepunkt med ”Kveldsmaten i
Emmaus”. Så tok det
digitale over.

 8.
Ja, det var raua mi som bygde
Rom. – På ein dag, seier dei her: 
Folk seier så mye. For mi rau
Mellom ruinane no er dette
ikkje meir enn svevande minne.

9.
Ho fann opp etter tur:
Romkjensla,
romservicen,
rom og cola,
romkapslar, møte
i rom sjø,
klasseromma,
skammekrokane,
romma med
støtteundervisning,
og dei mørke romma
innanfor dei att, til oppbevaring
av stive, farga pappark,
førjuls-strie, ja, og så
skoleplansjane, då. Det var
mi rau, det.

10.
Ho lærte dei mellom søylene her,
sette sine mjuke spor
i trappetrinna,
på brusteinen,
i hine blaute
putrande dagar.

11.
Den gongen var Bibelen
enno ikkje kommen. Sjå, der kjem
den. Visst! Godt nytt! Med ei
oksekjerre borti svingen.

12.
På bilete frå alle periodane kan ein
sjå henne stikka seg ut, rundt 
eit hjørne og
vekk. Prøvde dei å fanga
henne, prøvde dei å setta henne
i bås, glapp ho bare ut av
linkleda, slapp ho bare
glatt naken unna.

13.
Ah, dei underfulle undera 
denne raua har opplevd og sett
langs Via Appia,
i rushet rundt Colosseum,
i hyblane bortanfor,
i den hysteriske randa,
i dei hysteriske landa,
mellom himlane i parantes. 

14.
Raua mi vende tilbake,
stakk innom her,
fleire gonger enn eg vil veta. Ho
gjorde rundane:
teikna små fiskar i undergrunnen,
spydde ut siste lefsa,
spreidde ansjosen,
fiffa opp detaljane,
pussa dei bortarste lysa.

15.
Plasserte ut sigøynarar med lirekassar,
trekkspel,  teiande brorskap,
ammande ulvar
bendelorm og
kjakstring i kyrkjene,
skitne apostlar på dørene, hyttande
med stavar,  greske nasar,
ordensmenn med godt fukta svampar.

16.
Modellerte overkommelige tissefantar,
medan ho plystra, plugga tema frå Gudfaren,  
tjuvlytta, trøysta ved skammeskamlane,

Såg til det alltid var nok
reingjeringsarbeidarar,
smilejenter, gilde vaktmeistrar,
vakre konditorkoner,
folk som er tidlig ute
på noko skikkelig. 
Ho sette sitt såre gode merke

på det,  før ho fór.
Vinka fjongt og frodig,  høgt til esel.
Ropte: - Ja då, eg kjem att.

17.
 Såg til at det ikkje blei for mye
av det gode. Me veit koss det balla på seg
det heile, balla og balla. I ettertid
blei det eit salig rot. Ho var bortreist
den dagen logikken brast.
                                                                  

18.                       
I den opne, ledige endetida
kom ho til smil og dekka bord
i svale vindfang. Ingen hindra denne

raua i å preika, skrøyva høgt. Ingen
jekka henne ned. Det var brød,
vin, sha-la-la og sommarope, ja, og
leikande glade ungar rundt alle
bordversa og stolbeina der, rundt
hennar stive, stadig stølare, blå lemmar.

                                                                   
19.
Så tok eg føre meg denne raua mi,
og tala tunge alvorsord til henne,
ovanfrå og
ned, mellom pinjetrea
der. - Vend om, sa eg til henne. – Og
reis tilbake dit du kom ifrå,
til vintrane, ulvane, skogen.
Det blir bare ufred og ordkløyving
kvar gong du stikk nedom her. Lat no
desse skjønne små romarnasane
i fred. Sa desse orda

som blir ståande i stein: Mi rau,
mi rau, kvifor blei du så lita nett?

 20.
Og det var raua mi i Rom, den siste scena,
sjå: Ho ventar i regnet på Romabussen.
- Det var to myggstukne
rumpeballar til Vatikanet, her!
seier ho.  Og på Petersplassen,
på paveterrassen, kven andre
kjem ut enn mormor, raua

hennar. Ho har ikkje stort                    
ho vil seia, ho har sagt det aller meste
før, så ho bare kremtar
og lirar or seg noko
om fæl felemusikk på

Ønskekonserten, kjakstrar noko
kraftig att, før ho kniksar med
knea, signar oss alle, og i sær
Erik Bye, og går inn

til seg sjølv att, til hyttekøya,
nattsokkane, pissepotta,
dei lyse, lette mormordraumane,

ja, og til morgonkaffi og
morgonbad, og frukoststellet då, 
nett, nett som vanlig. 

21.
Og det var raua mi i Rom. Sjå,
ho skuttar seg,  klør seg, der ho
ventar i regnet på Romabussen.
- Det var to knottetne
rumpeballar til Colosseum!
seier ho, ho håpar at løvene
er inne og raske.

22.
Men framleis når dei seier på
vêrmeldinga at det striregnar  
på gamle Rom, kan ho sjå seg
tilbake og sukka
på flytande latin. Ho veit
at no får dei støvande
ruinane, tempelhundane,
tempelskjøkjene,
rettelig vaska seg. Alt dette
kan ho no kjenna seg att i,
kjenna på kroppen, ja,
og fryda seg ved.

(sidene 98 – 108)