F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




(og ho andre)
dikt, draumar 1999

   
”Eg har humra og kost meg gjennom mest kvar einaste side av denne boka. Arnt Birkedal er underfundig, infam, morsom, sår som ein nittenåring med forsmådd kjærleik i bringa.”
Svein Grødeland i Jærbladet

”Bisetninger og tankestreker på avveie. Overtydelige platte poeng. Konstruerte situasjoner. Ideer som går til spille.”
Peter Svalheim i Stavanger Aftenblad


Innhald

I HO
Eg har budd 11
Ho skriv meg bare 12
På hjartet 13
Vissa 14
Likar 15
Fjerde Mosebok 6, 26 16
Eg skrur ned radioen 17
Med alle desse tomme glatte 18
Oh beibæ! 19
I ei Mads Berg-songbok 20
Sitja på trappa – av rein kjærleik 21
Om å sjekka 22
No har dei snakka om 23
Dyreliv (seint i august 1998) 24
Dyreparken i Kristiansand 25
Sakte, mest sikkert 26
Sebra eten ved elvebreidda 27
Katten er (julaftan 1998) 28
1.juledag 29
Dassen på Mount Everest 30
Gløymslebanken mellom oss 31
Draumar er gjerne 32
Siste draumen om deg / Snøver 33
Eg søv i søla, i kulda 34
Ho er blitt borte 35

II HO,
Førre gongen eg trefte deg (Ekorn over vegen) 39
Men eg trur 40
Riktig kloke 41
Støtt like blid 42
Hadde eg nok 43
Me er ute 44
Siste kvelden 45
Sjalu 46
Bare dagar etter 48
Dagar derpå 49
Jesus var på Hundvåg ( i sørvest England osv.) 50
Du flyg inn imot England 51
Broder Tuck si femte oppskrift 52
Arven etter Moses, Tarzan 53
The Civil War 1642 – 51 (imot slutten der) 54
Uglemannen i Mawnan Smith 55
Bortanom: Svarte natta 56
Alle vampyrane 57
Visst veit Han om 58
Rapport 59
Når ein tenker på 60
Eit ord på tysk 61
(Ein gong fekk eg det for meg) 62
Den svære, kjære 64
Dei skeive landa bak Madlatua 65

III HO,
Ein dag med sol 69
Aldri 70
Lungemos til middag (eller hestepølse, blodkumle, kvalbiff mv.) 71
Daud trast, innvolar 72
Ketchup 73
Eit fjell av sennep – bak i tankane 74
Landet vårt, seier vermannen 75
Litt regn og yr og 76
Eg stansar oppi lia - og ser 77
Buss-sjåførar er gode bussar 78
Musefletter (oppetter Karl Johan) 79
Jentene (og eg) på bussen, lenge etter 80
Blikk, augnekast (på bussen) 81
Ho likar ikkje å gå til fjells 83
Desse flakkande jente-hovuda 84
Eg skulle jo bare på kino 85
Piercing og bussefantar 86
20 minutt, dagen etter 87
Porno 88
Tanken på rumpa 89
Eg innser brått 90
Skinande stengd Narvesen-kiosk 91
Somme morgonar 92
Ole står på trappa 93
I denne snutten 94
Slik dei vandrar gjennom mine (ho, ho og ho andre) 95

IV (OG HO ANDRE)
Alle gute-vennene hennar 99
Handleia nokon 100
Den gamle kjærleiksvisa, du veit 101
Klart det kan 102
Skulle eg komma til himmerik 103
Ho bur på hisida 104
Uhøyrd 105
Såg nett ho gjekk ut; fiks, fjong, åleine 106
14. diktet til ho nye borti vegen / Tilfeldig 107
Og det 15.: Åleine, englar 108
Og det 16. 109
Innan ein har helsa 110
Eg går i mi eiga verd, sa ho 111
Prestekragar 112
1999 (-90 e. Geronimo) 113
Det er 2000 (på arbeidsplassane) 114
Langs skysten 115
Kyss 116
Å ha ein kjærast 117
Å ha ein kjærast 2 118
Å ha ein kjærast 3 119
Kva er vitsen 120
Ungane kjem leikande 121
Lucky lips are never blue 122
Kom nett på 123
Høg skisesong 124

Baksidetekst (Samlaget):

Når du ventar som besett på brev (i det minste kort) frå den du veit, når du høyrer alle dei tomme & glatte songane i radioen, når du tenkjer på alt det hemmelege som lever i mørke holer og djup, når ho har sagt at du aldri må ringa henne meir og når du kjenner deg som ein katt og ein bigfoot første juledag – då er det tid for dikt. Lesa dikt, skriva dikt.
Slik Arnt Birkedal gjer.


Tre tekstar:


Førre gongen eg trefte deg
(ekorn over vegen)

Det blei så
gildt førre gongen
eg drog og
trefte deg. Blei bare bare
gildt, veit eg no
etterpå. Nett før
eg kom fram dit
sprang eit tydelig
ekorn trygt
over vegen.

(side 39)


Sjalu

Eg er sjalu på gutane i den
kinesiske månedansen, som bare kan
riva med seg ei jente i krinsen i
i forbifarten. Ho må springa leande
med han ut i skogholtet, bråkvaksne
drag over andletet. Eg er sjalu
på fiskane, insekta, blautdyra, på dei
tomhjerna oppspilte fuglane, hannane
som har så lett for det, gjer seg slik
til, blir så fort ferdige. På
elefantane som kan klø seg sjølve på
magen med pikken. Dei kjem ut ifrå
gutedassen, set seg til i eit vindauge,
armen rundt ho minste, ho skjønnaste. Eg meiner,
skjønnaste her, her du slettes ikkje
er. Eg er sjalu på dei som bur over,
under og på sida av deg. På bror din,
som har vore med på leiken mest frå
byrjinga av (han har sagt dei utruligaste
vonde ting om deg, du bare flirer dei
vekk). Eg er sjalu på alle dei gamle
lærarane – på han som sa at du måtte no
helsa heim til far din (eg er sjalu
på far din), du smilte høflig, sa at det
skulle du gjera. Eg er sjalu på han som
stod i butikken i svingen på landet, der du
handla Donald og is, inst i barndommen. Eg er
sjalu på Donald, på isen, på alle dei bøndene
på Jæren, på hestane og svina deira. Eg er
sjalu på han (ho) som tok det biletet
av deg –og det og det, på ho (han) du
står og smiler til. På han du kjøpte den
sykkelen, den klokkereima, den T-
skjorta av. På alle i den TV-serien
du sit klistra til – ler høgt kvar gong dei
lirer av seg dei heilt sjølvsagde replikkane,
er med kvar gong dei kliner. Dette veit eg
alt (?) om – freista ringa deg ein gong under
sending. Eg er sjalu på geografi-leksa, på
heile geografien, heile samfunnsfagen,
samfunnet, og samlivslæra. No, veker etter
du braut opp, ifrå meg – og den colaen (light)
eg hadde tinga deg, for å gå på nokon
hippe dansegreier. – Du skjønar, eg bare må
ha noko di-di-di, i kveld, eg, som du sa, var
slik du ordla deg. Og det var ikkje meining i

å følgja etter.

(sidene 46, 47)


Aldri

-Og så må du aldri
ringa meg meir, sa ho.

-Aldri? Sa eg.
-Aldri, sa ho.

Aldri
er mest det same som
alltid, det
bare sluttar
bråare.

(side 70)