Innhald
1
Sallan, Allan 7
Det er ei rast- og huslaus røynd 9
Far min bilar glitrande 10
Far min: glipa i rullegardinet 11
Andakt 1 15
På bordet: røynda 16
Draumehusa langs vegen 18
Røynda klamrar seg 19
Røynda dveler 20
Sjå dei toflande 21
Hyttetomt 22
I innlanda 23
Sundagsfedrane 24
Dei vesalvrange mennene 25
Sundagsstemma til far min 26
Jobben er ein stad på jord 1 27
Fem minutt 28
Jobben er ein stad på jord 2 30
På Karmøy, i TV Norge 31
Røynda prikkar 32
Røynda dveler framleis 33
Røynda dansar 34
Gravferdene skrapar 36
Røynda nord for Boknafjorden 37
Du ser deg mett 38
2
Så ser du glipene 41
Plugga røynda med song 44
Arv 45
Dei første songane kjem føre deg 46
Johnny Cash – konsert i Stavanger Idrettshall 47
Sett i gliper i mars 48
Mormor, lat oss ungane sova 49
Mormor mi var aldri enkel 50
Me har snøring 51
Draumane var så likeframme 52
Sjå vennene mine (melding frå fotlanda) 53
Uria har sete vaken 55
Eg ligg øvst, ytst ute 56
3
Himmelen, himlinga 61
På butikken i dag 63
Røynda møter deg 64
Andakt 2 65
Så ser du glipene i vennekrinsen hennar 66
Duppar 67
Og eg har vore gliper 69
Mens 71
Etter mor mi 76
Du er godjenta mi 77
Cornwall-gliper 79
Bakarst, bak alle hagane 80
Filleristingssmauet 81
Ser du, det gjekk an å bu 82
Ser du, verda er den same gamle 84
KATALOGTEKST:
Arnt Birkedals nye bok er ei glad og melankolsk diktsamling,
om dei små kvardagane og det store i desse. Gliper og røynd er to sentrale
omgrep i tekstane. Glipene kan visa til både gode og bitre erfaringar, men dei verkar likevel
vere umistelege, uforbikomelege og på sine vis gode. Men dikta har også sans for at det
finst ei brå og sterk ytre røynd som krev respekt og resignasjon.
Så ser me glipene.
Glipene i platesamlinga.
Glipene i songane.
Glipene i bustadfelta ute på Hundvåg.
MENS
1
Det fjerne blikket hennar.
Regn som sipar
ein annan stad.
2
Du er godjenta mi.
Vara di påstiging, avstiging,
signa ditt dobbeldekkarhjarte,
vara dine alle stopp.
Eg ville følgja deg ut
i aude marka,
der struts og ville hundar søv,
der hybelkaninar har seg
og dei talde sauene held på,
der husa er fulle av ugler,
igler. Der pileormen klekker
egga ut. Og raggete troll
held sjau.
Men eg ventar i desse stovene,
takkar ja til påfyll og
kremtoppar med fast og senka blikk.
Til du kjem rundt og
augnar meg.
Du er godjenta mi.
Vara din nakne nakke,
vara din stutte lunter,
signa dine alle syn.
Eg ville følgja deg inn
gjennom dalstroka, opp
dei ribba fjellveggane, kravla etter
med stormkjøkken og pinnebrød,
ned skar, juv, gjel,
halda dine mange hestar,
styra dine mange spann.
Stå i siste kalde innersvingen,
med russehue og sånn cirka
rundetid og heia deg
inn. Men eg ventar her
i frukostsalen, til du kjem ned
på solsida. Med eit ekstra sett
nøklar. Og ein – sjølvsagt – ganske
førebels plan.
Du er godjenta mi.
Vara dine vende kjakar.
Signa dine siste skot.
Eg ville halda meg inne med deg,
bak solbriller, bak øyrepluggar, i
pannebandlanda, langt inn
på sminkegaleien, mellom dei
snappande kanalane. Dilta etter deg
ned såpegata, entra såpehagane,
plinga på såpedøra. Fletta meg
inn i såpekrinsane. Runda dei snakkande
rollene. Snakka for deg til kvar Tom, Dick
og Harry. Seia: Nei, ho er nok allereie
snakka for. Snakka deg bort og vekk og
frå meg, om så skal vera.
Hus og forfattarskap forbi.
Men eg ventar her
rundt tivolisvingen,
med hjartet i halsen. Sit på
treskegolvet, dinglar med føtene,
til eg ser deg i forfjamsingas lys,
for å gripa dine første smil,
fanga din prat på innpust.
Du er godjenta mi.
Signa dine lune blå sokkar.
Eg ville følgja deg inn alle
tempelportane, inn på opne
tempelplassen, der prestane
sliper knivane, testa dei usikre
leikeapparata, smaka den lett skjemte
maten. Halda rundt deg gjennom
paparazziregnet. Påraska
raseringa. Velta kaninbura, slakta
dei slappe lamma. Plaffa ned nips
og nikkedokker, bamsemums. Leir-
og turtelduepar i augekrokane.
Men eg nyttar tida til å vitja
dei heilage stadene, stundene
der du smilte mest bare
til meg. Men eg ventar her
ved munninga, på flytebrygga, her
skjøre, skire frelsa svell.
3
Du veit; somme gonger
kan det få meg til å
skjelva (skjelva – skjelva).
Inst i mor mi, ungjenta,
si minnebok: under ein
skarlak himmel:
Ei sirlig
stripe
pur
galskap
renn
nedetter
frelsarens
vene
legg.
4..
Det fjerne blikket hennar.
Ein annan stad;
regn som sipar.
(sidene 71 – 75)
|