INNHALD: |
|
I |
side |
Medsols, motsols-venninna mi |
13 |
Kva tid |
15 |
Draumen kjem seint |
17 |
Sukka som (To øvingar) |
18 |
Ana dei, høyra dei |
19 |
Geografien min rekk |
21 |
Få lys på Emmaus veien |
22 |
Emmaus |
24 |
Draumane våre; Emmaus-vegar |
26 |
Geografien min rører seg |
28 |
Geografien min blæs |
30 |
Heile halve kveldane |
32 |
Nord |
36 |
Forkjært (Oppdaga Nedre Tasta) |
37 |
Ein hegre, ei flygeøgle |
39 |
Draumen tilseier |
40 |
Jærbanen |
42 |
Nedetter mot strandlinja |
44 |
Biografi |
45 |
Måne, 4044 Hafrsjord |
46 |
|
|
II |
|
Dei som virrar, vankar |
48 |
Alle busstoppar |
50 |
I bussane rundt, forbi Haugesund |
52 |
Bussletta, nattetid |
53 |
Ikkje i rute |
55 |
Stoppen der |
57 |
Stoppar eg lyt reisa forbi |
58 |
Stoppar eg lyt reisa forbi (Advent) |
59 |
Bussa, gli forbi |
61 |
Google-søk / Paradis-spel |
62 |
Dei gamle klassekrinsane |
64 |
Klassefest |
66 |
Etter forkjærte klassetreff |
67 |
Og nokon sa: Aldri meir |
68 |
Og nokon sa: Aldri meir 2 |
72 |
St. Svithun |
75 |
St. Svithuns plass (Dei driv og grev) |
76 |
St. Svithuns plass |
78 |
Den katolske kyrkja lærte |
80 |
Me er så jordbundne |
81 |
Vandresoge |
83 |
Verda går framover |
85 |
Andakt (Geografien min spreier seg) |
87 |
Å googla, surfa Street view |
88 |
Radioen i veslestova |
91 |
Draumen løyser |
92 |
Morgon, ekstremvind |
93 |
Hotellmorgon |
95 |
Søkkesukket, sukkesøkket |
97 |
Gartnaren i nabotreet |
99 |
Dei eldste gamle |
102 |
Visst treng me ekstremvêret |
105 |
|
|
II |
|
Buene i heia |
108 |
Buene i heia 2 |
109 |
Dei gamle nettverka |
110 |
Det gamle nettverket |
111 |
Dei som budde her før |
112 |
Me gjekk meir og besøkte |
114 |
Nøklane |
115 |
Bare prinsar og sikre hovdingar |
116 |
Lynvingen står på Preikestolen |
117 |
Mødrenes syforeiningar løyser seg opp |
119 |
Mor mi, mormor mi |
121 |
Risbakken, Stavanger |
123 |
Avgrunnar (Biografi) |
125 |
Av tutl og av babbel |
127 |
Dei eldste, dei seigaste, på butikken |
128 |
Betlehem endrar seg |
129 |
Vence, når mørket først |
131 |
Engelskmannen |
133 |
Ordskyer, Cumbria |
135 |
Buene i heia (Flyktningar, 2015) |
137 |
Eg søv frampå |
139 |
Eg er på kvite vidda |
140 |
Flotmyr, Haugesund |
141 |
FEM DIKT:
ØVING I GEOGRAFI, DRAUM
Rusla
same
gjennom-
lyste,
gjennom
lufta
null-
rute
kvar
enda
dag. For på dette
viset å
hjelpa
draumen
finna
fram, finna
tilbake. Hjelpa
draume-
tuna,
draume-
klossane
stå stille.
(side 12)
ALLE BUSSTOPPAR
Alle busstoppar har
eiga sjel, eigen
grunntone, eige
stemmeleie.
Prega av
gleder,
letter,
vonbrot,
små og store, som
bussjentestemma,
busstemmejenta,
har opplevd, har
overlevd
langs denne ruta.
Ein stopp er prega av
eit djupt, djupt alvor,
ein annan
blir lyfta
på ei glime av håp.
Somme stoppar er blanke.
Somme kjem
overraskande
brått. Somme er
spretne, ho kan vagt
hugsa dei frå
barndommen
av, stemmejenta.
Somme gir henne
nytt vatn,
ung skj-lyd
på mølla,
i munnviken.
andre har ho
bare nasepust
til overs for.
(sidene 50 og 51)
IKKJE I RUTE
Somme gonger
står bussane
lenge
tomme
på liksom
tilfeldige
stoppar
utan å visa teikn
til å villa
vinka oss inn, villa
blinka oss ut, trygt
forbi seg
og vidare.
Det er
busstemme-
jenta,
bussjente-
stemma, det,
som freistar å
halda seg à jour,
som nett er ute på
å snusa
på smotthol,
kattegliper,
på å
gjera seg
djupare
lomme-
kjend.
(Sidene 55, 56)
ANDAKT (GEOGRAFIEN MIN SPREIER SEG)
Geografien min
spreier seg
på lag med
morgon
andakten.
Sigvart
Dagsland
ruslar med
støvande
slengbukse-
steg, syng med
prøvande
dialekt, mellom
nærsone-
stoppar. Sommar-
jobbar. Rustraudt
sjukehus, kremgul
klinikk. På
lomma bak, bak
setelboka: Den
vesle, egyptiske
aks-guden
.Amen.
(side 87)
BETLEHEM ENDRAR SEG
1
Betlehem
endrar seg frå
jul til jul. Kjem an på
rekkefølgja eg
hentar dei opp or
eska i, husa og
stallane, kamelane,
dromedaren, dei
lytefrie lamma, det
fallesjuke, halte.
2
Eg trur ikkje riktig
på geografi, eg lar
hus og smau
gruppera seg
slik dei grupperer
seg i draum.
3
Betlehem. Når
t-lyset bak stallen
brenn ned, vitjar eg
ølstover eg
skimtar
skimra
i smaua bak
smaua
bak: «Morgonrodens
hind» og «Dua
i terebintene
langt borte»
(side 129, 130)
|