BAKSIDETEKST:
”Du veit, det å nærma seg hagar og hus ifrå skogane nattestid er noko framandt,
rart og annleis noko. Du ser festlysa flakka lysbilete på hekkane. Du høyrer jenter
der inne som ler så dei græt. Du aner byrjinga av noko du ikkje ser slutten på.”
Det budde ein stille gut i Gaulevik, der alle andre gaula både dag og natt. Så ein
dag heldt guten ikkje ut gaulinga lenger, og bestemte seg for at nok var nok.
TRE SIDER:
Det går to vegar ned til Gaulevik. Du passerer først ein, så tar du forbi den andre,
når du køyrer strake gamlevegen austover. Du ser skilta. Gaulevik, står det, og så
står det kor mange kilometer det er ned dit. Det er ikkje så mange.
Blir du nysgjerrig på vika, hamna, namnet og syklar ned dit eine vegen, med eit
handkle på sykkelbrettet, eller køyrer ned med bil, kan du straks ta den andre
vegen ut og tilbake att. Så har du køyrt den gamle Gauleviksnullen. Så kan du
seia du har vore der. Det første du legg merke til når du kjem ned dit, er at ingen,
ingen bur i gamle Gaulevika lenger. Du ser nokre tufter der, og eit gammalt naust,
men det er òg alt. Du merkar kor merkelig audt alt er.
Dette var annleis før. Då budde det ein heil skokk med menneske i Gaulevika. Ein
far, ei mor, ei mormor og to brør, ein stor og ein liten ein, meiner eg å hugsa. Ja, og
alle dei fjerne slektningane på farssida då, dei stod støtt i stor gaulesirkel og spytta medan dei skreva; ein farbror, ein farfar, ein laban av ein firmenning, ein gammal ungkar, ein ung gammalkar og ein bavian av ein farbror av ein farbror att. Dei stod
og skreva medan dei spytta i ein sirkel der, viss dei ikkje satt i lang gaulerekke på
steingarden sine slitne steinar.
- Kven er du son til då? gaula dei når minsteguten ein hende gong gjekk over tunet
eller våga seg rundt novene. Dei hadde vore til stades ved dåpen hans, ved salvinga
og signinga, men dei kjente han ikkje att, og dei høyrde aldri skikkelig etter, og dei
spurde av svært gammal vane.
- Hø?
- Hø?
- Hø? spurde dei først prøvande, og så byrja dei å gaula:
- Hø!!
- Hø!!
- Hø!!
Fælast til å gaula var jo folka frå indre Gaulevika, gaulevikingane sjølve. Ja, jo
nærare sjølve vika du kom, jo verre gaula mannfolka der. I Gauleviksgarden, innom
Gaulevikgrinda, var det gauling støtt. Det var gauling langs løeveggar, gauling over
stille vatn, gauling gjennom motordur, under daude lastebilar, gauling gjennom gardhol, gjennom tuss- og vintermørker, gjennom sludd og hagl og regn, gauling gjennom samanbitne tenner, mellom snørr og bart og vesaldråpar.
På tunet dreiv folk støtt og gaula til kvarandre. Dei gaula medan dei slo og raka
høy, medan dei skaut og sløyde ulv, medan dei henta og samla gråstein, medan
dei bare satt mysande i løeveggen, medan dei skufla kål og koks, eller nett gjekk
under løebrua ein straks for å henta noko.
Ingen visste kva dei dreiv og gaula slik etter. Det var bare blitt slik der nede. Det
var noko dei hadde lagt seg til i spede byrjinga ein gong, då slettene var endå
meir steinete enn no, då vika var opnare og himmelen høgare. Knapt nokon minnest
desse gaulevikingane no, men dei var verkelige nok, det skal eg helsa og seia.
(Side 5 – 9)
|