F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Ei beine att
Roman, Wigestrand Forlag 2013
127 sider




   

«Birkedal er ein eigen sjanger, heilt for seg sjølv. Det er synd at ikkje desse bøkene har fått den merksemda dei fortener, kan det vera av di dei vert for vanskelege å putte i nokon bås? (…) Berre unn deg desse perlene av nokre bøker! Av di du fortener det!»

- Eli Frisvold i «Elis Lesebabbel»

 

«Herlig leseopplevelse. Det er bare å legge alle fordommer og hemninger til side, og bli med på denne sprelske fantasireisen. Ord og uttrykk danser rundt på sidene, elegant og lekende, snubler aldri.»

- Nettstedet «Rekkverket»

«Men tråden i det heile er lausare og mindre spenstig, og humoren mindre treffande.»


-
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad


INNHALD:  
1. Jærteikn side 7
2. Losna no bare  side 19
3. Å spegla ein himmel av  
4. Hist ved floda  side 35
4. Hist ved floda side 59
5. Ikkje bygd av mannehand side 69
6. Ei beine att  side 83
7. Pist ved floda    side 107
8. Vaskekjellarhals  side 123

                  

BAKSIDETEKST:

 

     - Eg då, seier Vaskehjelpa til den siste nattevakta, når den næraste

pårørande er reist. Ho vågar seg til å spørja: - Er eg daud?

     - Ja, seier nattevakta. – No er du det. Kom no bare, seier han. – Det

er stutt og lett veg ned til båten. Ferjemannen og hunden hans ventar.

Det kostar ikkje fem flate øre. Nei, du treng ikkje kle på deg meir. Me

må fly, veit du. Me må fly, me må fly, me må fly. Til hist og pist ved

flodene. Me tar straks beine vegen dit!

        Beine vegen. Ei beine att, tenker Vaskehjelpa med den første klare

tanken på sju-åtte år-

 

Bli med Vaskehjelpa til himmelen!

       «Ei beine att» er tredje – og siste? - boka om Vaskehjelpa frå øya i

havgapet

       Vil du veta koss det heile byrja? Sjekk ut «La stå!!» (2011) og «Reint

sportslig» (2012)

       Vil du gå heilt tilbake, heilt til botnar, så les òg «Biblioteket på do»

ifrå 2002.

  

 

 

TO – TRE SIDER FRÅ BOKA:

På Draumesandtangen, i mudderskorpa der, står fleire menneske, englar, og grev. Lekterar legg til land med trillebårer og graveutstyr. Det blir lossa, det blir lasta. Før lekterane legg ut att med mange rare greier om bord. Vaskehjelpa synest ho skimtar både teddybjørnar, hoppestokkar og langspelplater i hopane på lekterdekka. Kaffisilar, trekkoppbilar. Plastgreier ein kan vinna gjennom reklameannonsar i Donald-blada.

Dei fleste som grev her, grev åleine. Men nokre har danna lag. Vaskehjelpa nærmar seg frå avstand. Og ho ser dei er livate, fjåge, dei fleste av dei. Dei næraste vender seg til Vaskehjelpa.

– Vil du tru, seier ein, – alt dette låg og venta på meg. Han stikk spaden i sanden og syner henne den førebels fangsten sin. – Dette er ting eg i si tid har halt i land og fått bytt til meg i draume.

Vaskehjelpa ser: Ein perm med julefrimerke, eit fiskegarn fullt av – heilt tørre, like fine – Snurre Sprett og Daffy. Bøker med spennande skinnryggar henta frå engelske TV-seriar og hyllehallar.

– Mye av dette henta eg med meg i siste, siste liten, i draumane mine, held den gravande engelen fram. – Eg minnest eg grabba det i vilske, i blinde nærast. Og så har eg altså grave det ned her i denne draumesandbanken.

Ja, det er sant som dei syng: «Du kan ingenting ta med deg dit du går.» Det er lurt det han hin karen seier: «Samla dykk ikkje skattar på jord!» Klart det er sant, det. Så me grov dette ned her på himmelstranda, her i draumeranda. Her draumane møter himmel og land. Her er godt jordsmonn for å planta slike draumesaker. Han peikar opp i sandbakken.

– Draumeelva rann nok høgare oppe før. Det var meir og villare vatn i henne. Dei der oppe putlar og grev i det som var elveslammet på deira tid, den tidligare! Dei folka som grev lenger oppe, kan vera Columbus og hans menn, gissar Vaskehjelpa. Ho ser òg fleire indianarar. Vaskehjelpa går opp dit og kikkar. – Sjå kva eg har funne, seier ein elvebåtskipper. – Ei kneskål eg mista til ein alligator ein gong!

– Eit ribbein eg mista til ei kvinne! seier ein annan.

– Nøkkelen til mor mi sitt for lengst rivne hus! Og ei flaske med like finfin brennevin som eg må ha gøymt og gløymt før ein russefest, i kokskjellaren der.

– Noko bruspulver eg stal på kolonialen!

Ein freistar å ta ut meir pensjon.

– Eg driv og grev fram kjærasten min, eg, seier ei mager kvinne. – Sjå! Han er like fin, han. Like god og skeiv og annleis som han var då eg møtte han i siste draumen min der nede. Så kjem ho inn på desse tipiane, som ho meiner ho vagt kan minnast. Ja, og fredspipa som ho ikkje blei særlig sjuk av. Vaskehjelpa ser bare bort og ned.

Han, kjærasten ho talar om, står no kliss naken og ser på dei, som om han ikkje skjønar bæret av alt dette.

– No skal me leva vakkert i lag, seier den spede engelen, ho peikar, – i den gilde stova i tveita bak åsen der. Vaskehjelpa ser, det ryk alt frå skorsteinspipa.