F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Dyffel
2005

   

"Arnt Birkedal forener rock, gravskrifter og kjærlighetsorg og plasserer det i et vestlandsk tåkelandskap. Det gjør han med varme og poesi. ”Dyffel” er en av høstens korteste romaner. Den inviterer likevel til langsom lesing; en opplevelse som gjør inntrykk og som varer. "

- Inger Marie Kjølstadmyr i Nationen

"Eit fetisjistisk forhold til dyffel (…) sturen nynning på Beatles-refreng (…) merkeleg uengasjerande og ufokusert (…) gjentakingar og insisterande kverning."

- Eirik Lodén i Stavanger Aftenblad


KATALOGTEKST:
Hovudpersonen i denne boka bestemmer seg alt på første sida for at det no er jamt slutt, over og forbi. Han er meir enn reie til å kutta tvert, takka for seg og gå bort. Det er det einaste sømelige, tenkjer han, det er det einaste vakre. No ser han fram til å vera slutt og over. Vera høgt elska og djupt sakna. Vera sol, støv og vatn. Og himmel. Vi følgjer han gjennom dette rare døgnet. Som altså må bli hans aller siste. Dyffel er trist og morosam, patetisk og poetisk. Alt på ein gong.

TRE SIDER FRÅ BOKA:

Eg kunne jo bare henga meg i eit bart tre
langs vegen.
I eit bart tre blant bare bare tre.
Ytst i skogen. Daudmannsskogen opp
mot narko-blokkane.
Der det alltid regnar.
Når det no mørknar, og ingen riktig ser.
Men henging betyr Speidaren, løkker og
vanskelige slipsknutar.
Og det er godt å bare sleppa no.
- Kan du med den, då? Den skytaren?
seier eg.
Biggaen nikkar veldig, slik at eg skal
skjøna at så er tilfelle.
Han har vore borti litt av kvart, det veit
eg, han ber arr, han er barka.
Men snill på botnen, det seier alle,
det har eg høyrt.


Eg skal laga eit dikt.
Eg har ikkje laga det enno.
Det gjer eg først når eg sit oppe på gamle
Vangen. Ytst på stupebrettet.
Med den skytaren trygt ved sida.
Diktet skal slutta ope.
Så riv eg den sida ut, og legg pent ein
liten kvit stein over.
Birger er ei sjel og ei skjorte, som han
seier det.
Han er alt over alle haugar.
Det blir ikkje stunder til å henga med
hovudet.
Blir bare eit stutt, lite smell.
Blir bare eit plask når eg landar.
Det blir fint lite graps.
Det meste tar naturen radt opp i seg.
Blod flyt stille. Blod teier.
Blant sneipar og fjorårslauv.
Og kastanjar, kjem eg på.
Så blir kroppen som var meg, som husa
meg, liggande still på sida og flyta.
Nokre dagar, kanskje.

I’m not here to forget you,
I’m here to recall
the things we used to say and do.
I don’t want to get over you,
I don’t want to get over you.

- Det er òg han Waylon? seier eg.
Birger nikkar.
- Kan godt vera Kris Kristofferson som
har skrive den òg, seier han.
- Men Waylon har no betre stemme,
legg han til. – Hadde, då.
Og det har han. Eg høyrer det no.
Han har ei stemme som rumlar,
romsterer i sjela der.
Som rommar oss alle. Som det er godt å
bli ramma av.
Så lenge den songen varer.

They ought to give me the Wurlitzer Prize,
for all the silver I let slide down the slot,
playin’ those songs sung blue
to help me remember you,
‘cause I don’t want to get over you…

går refrenget.
- Wurlitzer var det beste gamle juke-
boksmerket, seier han.
Birger ser at eg får det med meg, at eg
grunnar på det.
Eg nikkar. Veit det. Eg meiner det er
noko som Pulitzer prize.
Men ser ikkje heilt samanhengen.
Så eg held kjeft. Og slepp greitt unna.

(sidene 48 – 50)