|
Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.
For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.
Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand
Draumar og dynejakker.
Dikt for ungdom. 1989
|
| ”Dette er i det heile tatt ei bok som burde ha stor appell, til mange, ikkje
minst ved den ”outsider-tonen” som finst gjennom heile samlinga, og
ein kan håpe at dei rette lesarane vil få tak i ho og spreie ryktet.”
Ragnar Hovland i Bergens Tidende
”Dette er etter min mening ei diktbok uten mål og mening.”
Beate Tangre i Bergensavisen
| Innhald: I Draumen slepper deg 9
Kveldsvise 1 10
Det rare 12
Det regner. La det regna 13
Påske 16
Skrømt 17
Telefon 18
Eg lyfter røyret 19
Eg tenker nok 20
Dynejakke 21
Eg kjenner meg litt 23
Jentelaget har dusja 24
Fritid 25
Eg syntest ho smilte 26
Men her kjem eg 27
Av og til tenker eg 29
Katten er her 30
Svart katt 31
Kyr er ville 32
Algar – 88 33
Litt av vitsen 34
Sauene rundt vatnet 35
Dundermunnen (Etter John Lennon) 37
Når eg er daud og bortreist 43
Her synest vera daudt 44
II
Eg sit på trappa 47
Bomsideisi 48
Odels Oda (Etter Brian Wilson) 50
Ein finfin dag for kjærast 51
For deira eiga skyld 52
Han er lei 53
Kriminal 54
Av og til nærmar du deg 55
Utstillingsdokker 56
Det er klart 57
Alltid 17. mai 58
Det er fint 59
Viss du kikar ned 60
Forstår ingenting 61
Dette 62
Me har loge 63
Halda på deg 64
No har desse augene 65
Klar vintersundag 1 66
Klar vintersundag 2 67
Så kjem snøen 68
Eg går snart og legg meg 69
Nattstasjon 70
Det bur fleire 71
Eg sat åleinsmal (Etter John Lennon) 72
Kveldsvise 2 74
Det er søndag 75
Tre tekstar:
Jentelaget har dusja
Jentelaget har dusja;
søt duft i korridorane,
dogg på alle vindauge.
(s. 24)
Dundermunnen (eller Den magiske hunden)
Mens byen sovna søvnig
stod denne guten opp
for å finna desse daude
som enno lever topp.
Han pakka inga niste,
men tinga bord for to
i fall ein liten dvergsling
sat einsam på ei kro.
”Eg treffer dundermunnen
og kråka som treng rens,
den sprelske lusehofta
og gamle onkel Jens!”
Han pakka reine sokkar
i veska han tok med,
pluss kladdebok og blyant
og byrja klatra ned.
Og hunden venta ute,
Heilt svart og krulla og.
Og flaug han andre klasse,
han såg kor landet låg.
”Eg tar farvel med dette,
men ein ting før eg snur:
Ro båten din forsiktig!”
Sa hunden. ”Så: God tur!”
”Takk for alt, min fine ven,
det skal eg, kan du tru!”
og båten glei mot landet
mest utan skrekk og gru.
Og guten lo: ”Så løye!”
Det virka jo så sprøtt.
Då årene sklei unna, kom
eit lite fugleknøtt.
Det sette seg på hovudet
til guten: ”Om eg kan?
Eg er nemlig komen
for å losa deg til land.”
Jøss, tenk deg , tenkte guten.
Jøsses, sku’ du sett!
Ein fugl som snakkar nynorsk
er ikkje vanlig nett!
”Kva fugl er du, min herre?
Tør eg spørja med respekt
-om det ikkje er for mye-
men kva slag slag og slekt?”
”Ein dundermunn,” sa fuglen.
”Kva seier du no, kva?
Med beste settet fjøring.
Du burde vera glad.”
”Det burde eg, eg burde,
viss berre – ikkje le –
men saka er, herr Dundermunn,
eg skjelv som berre det!”
”Nei, høyr no her, ”sa fuglen,
”er alltid venlig eg,
er inga blåveis-spette.
Nei, eg skal losa deg.”
Og snart kom land i sikte,
eit syn for fint for namn.
Ei øy blant mange auge
som ser deg trygt i hamn.
”Hardt til babel!” sa eit tre,
”og splitte dine seil!
Og knake dine master!
No er du her heilt heil!”
”Eg er vel ikkje venta,”
sa guten, ”vil eg tru?”
”Sjølvsagt!” sa ei greie
som likna på ei ku.
”Me har smett på kjelen,”
sa eit eple frå eit tre.
”Få hit ein pose vener,
no er det tid for te.”
Eit måltid te med tre og hund
er knapt eit vanlig syn
-i alle fall når hunden
var den du flaug frå by’n!
”Og korleis har du hamna her,
min gode krusedull?”
”Som du, med båt,” sa hunden
ut tåka med eit ul.
”Fortell meg, gode vener,
ja, før eg vaknar opp:
Kor er dei, desse daude
som enno lever topp?
”Det kjem nok,” sa ei gulrot.
”Me stressar ikkje, sant?
Forsyn deg av salaten,
så slepper me deg grant!”
”Av garde no, av garde!
Må ikkje sovna no!”
Han skimta i det fjerne
ei gruppe på minst to.
Han nærma seg på avstand.
Han såg det var ein flokk.
Dei dreiv og grov i bakken
og reiv av svære lokk.
”Kva grev de etter, brøder?”
spurde han, heilt med.
Og før dei svara, såg han:
Dei grov einannan ned.
Ja, faktisk tok dei skiftevis
og skufla, utan ord
til hovuda av nære
og fjerne stod i jord.
Og for eit syn, eg meiner…
Han lo ut lått i fleng.
Og før han skjøna bæret
så samla han ein gjeng.
Dei lyfta spadar lydlaust,
og moldspruten slo lens.
Dei grov han ned i bakken
i lag med onkel Jens.
”Eg bad deg ikkje koma hit,”
sa onkelen, litt rar.
”Eg måtte koma, onkel.
Du er all den ven eg har!”
Dei veksla, hovud over,
dei siste avskjedsord.
Og folket heva røysta,
sa: ”Her er meire jord!”
(Og det skal eg helsa og seia
det var.)
Etter John Lennon: The Wumberlog or The Magic Dog
(sidene 37 - 42)
Kriminal
Han hang utanfor kafeen.
Han likte ikkje å bli blaut på håret.
Han trong til ein klem og ei cola.
Så stal han sykkelen.
(side 54)
|
|