F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Kva er i vegen på Bryne?
2004

   
"Det er asfalt som dekkjer framsida på Kva er i vegen på Bryne?, og det er Kjell D. Ramsdals foto av asfalt som dekkjer dei fleste sidene; eller rettare sagt foto av den kvite stripa på asfalten. Innimellom har Birkedal skrive dikt på oppdrag for Bryne Offset.

- Eit to månaders prosjekt – eit overskotsprosjekt, seier han sjølv. "

- Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid

"Hvis noen var så heldige å høre på lokale nyheter på P1 mellom 12 og halv 1 i dag kunne dere høre at Bryne Offset har komt ut med nok en Bryne Offset bok. Den handler om lokale ting på Bryne. I fjor var det om en kunstner, året før det var det om bedehuskultur (eller no i den duren) og i år var det noe så spennende som: veier! Jærske veier. Bilder av slitte veistriper. Uhhh, spennende. Noen dikt var det også. Har egentlig ikkje sett boka ennå jeg, men uansett. "

- Cecilie sine heimesider

 


INNHALD (Første linje på dikt):
Du trudde eg sigla
Draumane var så
8 (ei side)
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen I
Dyrehagevinden bles
Det sjuande prestegjeldet
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen II
Med draumar
Blinka henne ut
Rundt nova
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen III
Inst i denne blindvegen finst ein blomstrande, støvande
Og ved songkanten
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen IV
2004
Kyrkjegard ytst ute
Mot slutten
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen V
Eg ligg øvst, ytst ute i ein bustadblokk. Burettslagsleiaren er ein



INNBRETTSTEKST 1 (Kjell Ramsdal og AB):

Kva er i vegen på Bryne? Hugsar du kor magisk det var å kikka på skyformasjonar og fantasera om kva dei likna på? Ein kan fantasera på same viset når ein ser på dei kvite stripene langs landevegen. Etter at bilar, vêr og vind har gjort jobben med å slipa dei ned, kan ein i restane oppdaga eit lite uinvers av former og liv. Det handlar om å nytta fantasien. Ved første augekast ser ein bare kvit maling. Men sjå nøyare etter. Her finst tussar og troll. Menneske. Andlet. Dyr. Bokstavar og tal. Her finst ei endeløyse av motiv. Gjenkjennelige og heilt abstrakte. Stilige ting. Vakre ting. Og nokre stygge ting. Det kjem an på den som ser. Dette er det sjette temaet i ein serie med jærske særmerke. Tidligare har Bryne Offset utvikla prosjekt med stein, lokale dialektar, horisontar, bedehuskultur og marinemålartradisjonen. Tre av prosjekta har blitt kunstutstillingar, på Hå gamle prestegard (to) og Stavanger Kunstforening. Arnt Birkedal, tekstar.
Kjell D. Ramsdal, foto.

INNBRETTSTEKST 2 (Kjell D. Ramsdal og AB)

Arnt Birkedal, tekstar. Fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har til no gitt ut 18 bøker i ulike sjangrar for barn, ungdom og vaksne. I 2003 gav han ut ei ny diktbok for vaksne; Kvar gong, og gjendikta dikt for barn frå fem nordiske land i antologien Det har komme ein komet. Same året fekk han Målprisen. Birkedal har òg skrive mange songtekstar, særlig for gruppa Vamp.
Kjell D. Ramsdal, foto. Fødd 1957. Voks opp ved Førdesfjorden. Har budd i Stavanger sidan 1987. Jobbar som kreativ leiar og art director i Melvær & Lien Idé-entrepenør. Har vore sentral i utviklinga av dei forskjellige prosjekta for Bryne Offset. Han har vunne prisar for arbeida sine i inn- og utland. Våren 2003 debuterte han med fotoutstillinga Slutten på begynnelsen på Hå gamle prestegard.



FEM TEKSTAR:


EG GJEKK IFRÅ DEI LIKE NEDI SVINGEN I

Nattlige
skøytebanar,
Skipper’n-
filmar,

teikneseriar,
heile årgangar
Lille Lulu,
Korak,
Illustrerte Klassikere,
i ryddige pene
bunkar, heile

katedralar,
siloar, bingar
fulle.


EG GJEKK I FRÅ DEI LIKE NEDI SVINGEN II


Halvgjorte
ballgutjobbar,

kattungane,
den svære
sanktbernhardshunden,
skjelpadda,
boksekenguruen,
strutsen,

hyblar, kvister,
snøreliv,
heile nabolag
godt kyssande
jenter.



EG GJEKK IFRÅ DEI LIKE NEDI SVINGEN III


Tomahawkar,
Testamente,
paktskister,

prospektkort på
hytteveggar,
gule hytter,
gauketre,

hestar
utom svingdører,
under vindauge,

hundar
på butikkhjørne,
heile skoleklassar
på sjølvstyr,

drosjar eg tinga
som aldri


kjem.



EG GJEKK IFRÅ DEI LIKE NEDI SVINGEN IV

Nedsnødde bilar,
grinder på taket,
heile dalføre,
mormor,

framtunge
teikneseriefigurar
med blanke digre
nasar. Virrande,
vinkande. Ramlande
over,

bisonflokken, den
siste skrantne, som
dundrar seg
fram gjennom

Westerns til den når
bustadstroka før
Disneyland og
vendar.



EG GJEKK IFRÅ DEI LIKE NEDI SVINGEN V

Avisruter,
kvite, kvitare
klesvaskar,
nybakte, blussande
husmødrer,
trykksverta
fingrar,

nattlige skøytebanar;
Bjørnsen, Jorsett
i bua deira,
pølsene, lompene,
Mosselukta,

brester i plate-
samlinga, frå
S for Sparboe
til T for Torry Enghs,

Jesossen,
Mosesen,
Ole Paus.

Og no sist; ho
som skal gå
att, att og att,
i eitt med regnet –
steil og vakker,
spinkel, sterk.