F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Brua før Widecombe
Dikt og tekstar. 1997

   

”Verkeleg noko å ha.”
Hadle Oftedal Andersen i Dag og Tid

”At Samlaget har funnet seg tjent med å utgi dette miksmakset som bok, forekommer meg ubegripelig.”
Øystein Rottem i Dagbladet


Innhald:
Magical Mystery Tour 11

1.
DEN SVARTE HUNDEN LUSKAR VEKK 13
Ein stoppestad før Bodmin By 15
Jamaica Inn, Bodmin Moor 16
Bodmin Gaol (Jail) 17
St. Bride, bjølla hennar 19
Mytane yrte som skodd 20
The Marian Chalice 21
The Chalice Well, Glastonbury 22
Kan bare henda i Glastonbury (med omland) 23
Helgenane, den heilage famile 25
Paradise Farm 26
Vår Herre og dyra – kattane i Priddy 27
Då Vår Herre kom til Priddy 28
Druidane (43 e. Kr.) 30
Urolige – og tryggare sjeler 31
Kongen døyr utan utspring 32
Dauden er ein bakketopp 33
(Så det må vera katten) 34
Noah fekk Jafet – osb. 35
Eg spør: Du ser 36
Fine skor, seier eg 37
Husa i gata / Grimspound 38
5. november 40
Bakom, rundt 41
Eit kvarter utanfor byen 43
Eg minnest Arnold (John Lennon) 45
Oh Calcutta! 46
Skoleklasse-lår 47
Faunane tar seg alltid 48
Mellom pubane i Salisbury 49
Pub 1 52
Pub 2 53
Fagre molandsjenter 55
Pub 3 56
Pussy 57
Ein pub til 58
Eg veit kvar Paul bur 59
Full English breakfast 60

2.
TRE DVERGAR – TIL FREDAG! 61
Beatles, det 63
Trommene, Ludwig, 1966 (-69) 64
Dei svakaste orda 65
Januar –67 / Hola i vegen 66
Vegetables 68
Magical Mystery Tour –notat (Paul McCartney) 70
Haiketur, Cornwall, 1959 72
Gifta seg med Patti 74
Plenen utanfor The Royal, Teignmouth 75
Me fann brua 76
Road to Widecombe Fair 78
The New Bridge, Dartmoor... 81
Vesle Nicola, slekta hennar 82
Vill i Taunton 84
Utsikta frå toget i ”A hard day’s night” (Taunton) 85
The Smedleys’ Fish & Chips Shop 89
Blue Jay Way (George Harrison) 90
Bakketoppsdust (Paul McCartney) 92
Eg er herr Kvalross (John Lennon) 94
Rishikesh (India, 1968) 96
Harrold (Juni –68) 97

3.
HYRDINGANE SINE SONGAR 99
Hildegunn Klokkelyng (Donovan Leitch) 101
Slik er det fatt med meg 103
Gåsemor (Ian Anderson) 104
Oktober almanakk (Ray Davies) 106
Kooeeaddi, der inne (Robin Williamson) 108
Regnfull dag i London (69) 111
Det dabbar av like etterpå 112
Sentimental Journey 114
Signa trommeslagarane 116
Gnomen (Syd Barrett) 117
Vintage 119
Magna Carta – 25 år på vegen 120
Flyplass-song (Chris Simpson) 125
Heavy (ca. 71) 127
Ein eller annan stad 128
Gamle heidersmenn skal få trekka seg 129
Isle of Wight (sommaren –70) 130
Sting var skolelærar 132
Verda er ikkje større 133
Av og til er eg Ringo 134
Frå ei rockestjerne sine memoarar 135
Oasis 1 136
Oasis 2 137
Apples and oranges 138
Krukkeband-blues (Syd Barrett) 139

4.
BOXING DAY 141
Postkort m. Svaner 143
Ringa England 145
Reisa herfrå i otta 146
Gral 148
Mest sikkert (Ordtak) 152
Har feira jula slik 153
Boxing Day 154
Togjente med bok 156
Ein stoppestad før Bodmin By – reprise 158
The night before 159

Baksidetekst (Samlaget):

Ei reisebok frå Birkedals mytiske og gjennomført engelske univers: med Beatles og ei rad andre band frå 60-og tidleg 70-tal, jomfru Marian, gralen – den heilage, barndomsheimen til Ringo, pubar, druidar, kong Arthur og marknadsdag i Widecombe. Alt ramma inn av Beatles’ ”Magical Mystery Tour” – og bussen som for 30 år sidan køyrde seg fast på ei bru i Dartmoor, Devon.


Tre tekstar:


Eg spør: Du ser

Eg spør: Du ser kan henda
Stonehenge, når du dalar
i fallskjerm
over Salisbury-
sletta. Ho svarer: Nei.
blir for putle, men
somme dagar kan eg
sjå Isle of Wight.

(Side 36)


Då Vår Herre kom til Priddy

(I the Mendips, Somerset seier dei gamle gjerne at noko er ”så sikkert som – at Vår Herre var i Priddy”. (I somme heimar dekkar dei framleis på til ein ekstra, i tilfelle Han skulle stikka innom.)

1
Då Vår Herre kom til Priddy – i lag med onkelen til mora si, var det bare to pubar der; den koselige og den koseligaste: Ein sagflis- og spyttklyse-stad, med ein rolig lang katt over disken. Etter å roa seg der nokre halvlitrar – Josef hadde saktens vore der før, bygde dei to ei kyrkje – av fletta kvist, frisk og stødig – borti brekka. Det er uvisst no kva for ein gud dei dreiv og ofra til, ved kva namn dei kalla han. Då dei la ut på høgvegen att, dunka Vår Herre – då bare barnet – staven sin tre lange gonger i bakken, om lag der kor post-sprekka er no. ”Lat det då vera slik!” sa han, med stemmeskifterøyst; - rundt kvar einaste sving, alle desse åra mine, i dette grønne, grønne landet…” Det blei så fortetta grønt, blei endå grønnare, mest med det same. ”To pubar – på kvar einaste vesle tettstad! To pubar – og ei kyrkje.” Så kauka onkel Josef noko voldsomt på han, og han måtte bare springa.

2.
Dei drog derifrå, ifrå Priddy, med dei beste kjensler i bringa. Til Glastonbury, Avalon, med båt. Skaffa seg enkel køyeplass. Planta - ved eit uhell – eit hagtorntre, medan dei spytta og gjorde forretningar*.
Fekk seg litt cheddar, litt saus å eta.

3.
Seinare kom Vår Herre som vaksen gjerne tilbake dit, han var vel rundt 28. Skaffa seg hus litt i utkanten, pinnar og leir, etter gammalt. Befolkninga – bøndene, dei hine –let han vera i fred desse viktige åra. Hugsa han knapt då han hadde fare. Mintest han seinare. Han var den tause framande som kom innom puben vekedagane. Sette seg i eit stillare hjørne, forbi eldstaden, katten. Såg nokså blankt inn i rommet. Svara bare høflig, var dei artige mot han.
*Forretningar: Tradisjonen – i Somerset, i Cornwall – seier at Josef av Arimatea var reisande i tinn.

(sidene 28, 29)


Krukkeband blues

Det er fryktelig omtenksamt av deg å tenka på meg her.
Og eg vil takka deg igjen for at du så tydelig ser – eg er kje her.
Og eg ana aldri månen kunne bli så stor.
Og eg ana aldri månen kunne bli så blå.
Ja, og enno ein takk for at du tok og fjerna mine skor,
og drog meg hit – det er kje snautt – kledd i raudt.
Og eg undrar meg på kven som skriv slik ein song.

D’er det same for meg om ikkje sola skin.
D’er det same for meg om ikkje hagen rundt er min.
D’er det same for meg om eg blir lett nervøs i lag med deg.
Eg gjer unna elskinga i vinter.

Og sjøen er kje grønn.
Og dronninga er skjønn.
Og kva på prikken er ein draum?
Og kva på prikken er ein vits?

Syd Barrett: ”Jugband blues”.
(Side 139)