F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Biblioteket på do.
Barnebok. 2002

   

”Det er dette som er livet, ei uanstrengt pendling frå kvardag til eventyr.Viss det ikkje var for at det kunne få folk til å halde seg unna boka, ville eg kanskje ha sagt at ho var absurd og draumeaktig. Men la meg heller seie at ho er fri for grenser og realisme, ho operer fritt mellom draum og realitetar. Først og fremst handlar denne boka om lesing, om å prøve ut litteraturen for å finne ut av det heile.”
Atle Christiansen i Dag og Tid

”Boken tar etter hvert utover i historien slik at det er vanskelig for leseren å følge med ”
Bokgløtt, Porsgrunn Bibliotek


9.
Vel oppe tar eg fatt på bygginga. Følgjer teikningane, etter minnet.

Eg innser at til sjølve grunnarbeidet, doen, vasken, røyrlegginga, treng eg fagfolk. Så eg leiter blant dei gule sidene, og finn dei aller beste. Finn dei som jobbar stillast. Eg tar dei i handa, seier det nødvendige, lèt att døra mi.

Og lèt dei driva på. Er dei ferdige for dagen, finn dei sjølve vegen ut. Er dei bare nede for å henta noko, tørrplystrar dei.

Eg ber dei rydda opp etter seg før dei fer, og det gjer dei. Så kikkar eg på arbeidet deira, doen min. Ser det er såre greitt. Det er eit tørr-rom, dette, og ikkje eit fuktig eit.

Så byrjar eg å setja opp hyller. Rundt og rundt sjølve klosettet, dopapirhaldaren, handkleet. Først hyller eg har pussa på sløyden i si tid, men ikkje har funne nytte for. Rundt og rundt ifrå golvet og opp.

I hyllene set eg bøker og permar. Mye har eg frå før. Mye samlar eg frå husets kott og holrom. Anna skaffar eg i bruktsjapper.

Om kveldane, når dei vaksne er gått til ro, sit eg i biblioteket mitt og les.

Kikkar på bileta. Eg bruker freista å halda meg til denne seine, stille stunda.

10.

Eg les om Tarzan og Tarzans son, som bare treffer kvarandre sjeldan no. Når dei har heile runde kloten å røra seg på. No som dei begge har drukke av ungdomskjelda.

Eg les om Langbein. Han sit i bakhagen nær peanøtt-bedet og ser over mot Klara Kus klessnor. På vegen kjem nett Klaus Hest. Han ser over mot den sølete vegen i synsranda, den som går til Bestemors hus. Guffen sit under treet med riva si. Myser mot skogane. Ein kan så vidt skimta dverganes hus heilt der inne.

Eg skiftar tidlig lyspære, til 160 watt, over sjølve skåla og setet. Det skal bli leselys, tenker eg. Og det blir. Ein ser langt over åsane i teikneseriane. Til Storeulvs – og Lilleulvs – postkasse, og bortanfor.

Langt over åsane i Bibelen. Der svinestigar går. Svina som Jesus skal senda dei ureine åndene inn i fleire sider seinare. No går dei fritt og diltar, andar fred og ingen fare, aner null og niks om at det skal bli som besette og drukna seg.

Fikenlundar. Kornåkrane bortanfor. 11 kornnek i ein sirkel bøyer seg for eit nek i midten.

Om nettene blir eg liggjande og vri meg, det er så vidt eg søv. Det er lenge og langt igjen før doen – biblioteket – blir slik som eg har tenkt. Det trengst rom, rom og meir rom.


(sidene 14 – 17)