F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




For alt eg veit
Dikt, unge. 1996

   

”Skal dikt gripe unge leserer, kan underfundighet og humor være gode virkemidler. Birkedal har begge deler i rikelig monn.”
Truls Horvei i Haugesunds Avis

”Dikta er moderne.” (Terningkast 1)
Helle Sletvold i Trønder-avisa


Innhald:

I
Tida spring frå oss 11
Det vakraste 12
Må ha opplevd noko 14
Du kunne budd 15
I ferien 16
Siste sommarferieveka 17
Hettetid 19
Den nokså tamme måka mi 20
Julaftans-morgon 21
Elgen i Sophus Bugges gate 22
Me har alle vore 23
Havet er kaos 24
Endå eit vekk-kasta intervju 25
Tunnelen under Boknafjrden 26
Viss eg treffer på katten 27
Eg slår plenen 28
Det blir verre og verre 29
Det er så lett å forsnakka seg 30
Politikarane 31
Satanistane går i einsemd 32
Orangutangane putlar seg 33
Skoleplansje 34
Disiplane har knivar 35
Bibelen 36
Der finst også englar 37
Gud laga dei første menneskedyra 38
Utanom rushtid, i tunnelen 39
Geir Ole 40
Ole Bjarne 41
Leif Trygve 42
Ville Vesten 43
Desse 74 åra 44
Jentene i åttande stig så seint 45
Først, så 46
Den nye kjærasten 47
Slik er det med oss 48
Til gode 49
Dei siste kattungane 50

II
Viss det ringer no 53
Eg har katt 54
Kassadamene, dei penaste av dei 55
For alt eg veit 56
Månader etter 57
Spiritual 58
Ingen har vel tidligare 59
Hemmeligheiter i Egersund 60
Då katten kom tilbake 61
Februarstorm 62
Paul McCartney og skulkekameratane 63
Beatles-kafeen ved Hillevågsvatnet 64
Av og til er eg Ringo 65
Når eg ville fylla rommet 66
Eg kyssa 67
Folk-rock 68
I England, når du spør 69
Me seier god natt framfor trappa 70
Bodmin Moor, the Cheezewring 71
Viss du drøymer om 73
Søndag 21. oktober 1638 74
I huset heilt ved randa 75
Det einaste eg ikkje kunne med 76
Eg har så mye å gå på 77
Dei kan filma 78
Midt i dei gode leselommane 79
Det er eg som skal frelsa livet ditt 80
Når to som ikkje eig humor 81
Alle dei beste jentene 82
Når eg blir vaksen 83
Apedikt 84
Slutten, ei sydhavsøy 85
Eg har levd eit rikt liv 86
Av og til har eg lyst 87
Eg flyttar inn i ei hytte 88
Det er først når du får sjå 90
Lufta mellom 91

Baksidetekst (Samlaget):

Den som skriv desse orda, har godt minne og ei levande evne til å drøyma og fantasera – om dei hemmelege tinga, mystikken og musikk-heltane. Om kattens skjulte liv og om dei to som skal tala lågt saman under stjernene.


Tre tekstar:


Bibelen

Uansett kor mange
bøker, kor mange filmar
ein har sett. Er det
denne eine som
blir ståande. Denne
urgamle soga:
Ein frelsar, nokre
kompisar. Som reiser seg,
ruslar bortetter strandlinja.

(side 36)



Me seier god natt framfor trappa

Me seier god natt framfor trappa.
Ho seier ho vil sjå meg i hus.
Der ho står og held sykkelen
ho har leidd heile vegen.
Eg går opp – og kjem ned att,
to lange gonger. Klemmer og
kyssar, smakar på hårtustane hennar, på
panna. – Veit du, eg trur du må vera
den kjekkaste jenta eg har treft
nokon gong, kviskrar eg.
-Du er ein av dei kjekkaste
gutane og, pustar ho høflig. Så går eg
min veg - opp den breie trappa. Tredje
gongen eg byrjar å gå ned dit att,
bare ristar ho på hovudet.

(side 70)


Eg flyttar inn i ei hytte

Eg flyttar inn i ei hytte.
Det står så mange ledige langs stranda.
Hytter er passe små til å leva i, ha alt
mitt på det tørre. Denne står rundt tredje
svingen på landet. Den det spøker mest i.
-Eg flytter inn i den der hytta,
eg , seier eg med nokon. Og så
gjer eg det.

Første dagen finn eg plass til stereoanlegget,
alle Donaldblada.
Andre dagen kokar eg betasuppe til middag.
Tredje dagen blir eg ståande og sjå
utover havet, medan eit piggsvin
puslar nett bakanfor ryggen min.
Fjerde dagen går eg ein tur ved nattetid,
opnar alle himlar seg, får eg slik ei
openbaring som bare brønntroll og
englar (og smådjevlar) før har fått.
Femte dagen kjem det ei jente på besøk. Ho
heiter Turid, og synest heller ikkje noko
vidare om å spela kinasjakk. Seinare
på dagen byrjar ho å
kle av seg ved den gamle, vesle kommoden.
Sjuande dagen blir eg sitjande
i bestestolen min ved vindauget. Kanskje
lesande på eit gammalt mannfolkblad,
Cowboy-magasinet.

(sidene 88, 89)