(…)
Somme tider blir det finare når ein spelar på strengene inni pianoet,
synest Guro. Ho har aldri spurt om lov, men ho har freista nokre gonger når
mor har vore borte. Så ho veit at det går an, veit at det blir fint.
Ho må bare ikkje gløyma seg før ho løftar på
lokket, slik at både den andre blåe katten og ein vase ho har laga
på skolen fyk. Nei, ho set den pent bort på bordet. Så opnar
ho pianolokket, byrjar å spela på strengane inni der. Den innestengde
hemmelige klangen. ”Kattetarmar!” seier Mikkel at dei er, strengene.
Men ho trur ikkje han har greie på det. Ho spelar med lekseboka. Då
blir låten liksom mjukare.
Ho freistar finna att den triste melodien, men ho lagar seg ein ny i staden.
Den blir noko blidare, ikkje så mye. Ho tenker på den nye jenta
som skal komma. Kvifor trur ho at det blir ei jente? Frøken, ho nye,
sa då ikkje det. Guro kjenner det bare på seg. Vil eg ha noka ny
jente? Tenker ho. Treng me ei? Og kva er no ei ny jente? Ei som bare kjem ingen
stader frå, som bare kjem dalande. Så er ho der, så bur ho
der, så ringer du på døra hennar? Guro tenker på den
nye læraren bakom kateteret. (Frøken sat mest aldri bak kateteret.)
Tenker på den måten ho snakka på, ting ho sa. Kor framandt
ho lo. Lo bare liksom, heilt plutselig.
Heller ny gut enn ny jente, tenker Guro. Det blir lett så dumt. Kven skal
ho nye vera saman med?Og kvar skal Guro vera då? Melodien blir raskare,
meir rølpete. Så er ho borte vekk ein augneblink. Og så er
det gjort: Lekseboka ramlar ned i pianoet.
(…)
|