F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Bøker med skjønnlitterære Birkedal-tekstar som ikkje finst andre stader.




Heltane er mette. Samlaget. 1996.

   
Inneheld novellene:

Den fulle i døra 24
Engelsk tidslomme, togjente med bok (reisenotat) * 30
Blei året etter brukt i ”Brua før Widecombe”.
Frå ”Den fulle i døra”:

 


(…)

Eg hadde ei tante, ho skulle døy. Ho budde bak to haugar – i lag med onkelen min, som stelte heime, stelte i hagen. Ein av dei beste pissehagane no, innan natta, innan hisida. Dei brukte no aldri å leggja seg så seint.

Det var eg som var den fulle, den fulle det var meg. Eg såg gjerne like eins ut, men eg var skuggeklar – og ferdig. Eg stod ei stund der og dingla, kan ha vore lenge. Då eg såg det var liv inni stova, då eg såg der var lys nok til å leva i. Ikkje meir enn at stova var opplyst, litt av hagen med den. Slik må det ha vore. Då eg bestemde meg for å gå dit bort, hadde eg ikkje vore der på aldri så lenge. Sitja i de gamle luktene, få meg litt i skrotten (ei fiskekake, kan henda, litt mjølk?). Få seia med henne dette som eg hadde inne no, innan det blei borte for meg, innan tanta mi –
Eg gjekk over dei to haugane, forbi den stivna sementblandaren, rundt den svære grana, steinheller siste beten, i livd av den gamle veggen – opp den gamle trappa, det steintrygge gelenderet. Var det lys i bislaget, tru? Pikka sikkert på døra, vindauget midt inni – der ansikta brukte møtast. Eg kjente nok den varme lukta siva ut gjennom glipa der ved føtene mine. Sto rett opp,rett ned i entreen.
Det var onkelen min som kom ut, sto i døra, med ein gong. Brei og trygg, ikkje til å komma utanom. Eg meiner han hadde tøfler på, kva anna veit eg ikkje.

(…)