|
Bøker med skjønnlitterære Birkedal-tekstar som ikkje finst andre stader.
Poetisk modernisme. Samlaget. 1995
|
| Inneheld gjendiktingane:
Stolen gut (William Butler Yeats)* 68
Preludium (T.S. Eliot) 411
Dei vise si reise (T.S. Eliot) 412
*Finst også i Ormen i Vaulavika. 1993.
| T. S. ELIOT:
Dei vise si reise
Blei ei kald kome for oss, dette,
nett den verste tid på året
for ei reise, og slik ei lang reise:
Vegane var djupe og veret skarpt,
midt i den svartaste vinter.
Og kamelane låg i den smeltande snøen
sårføtte, med gnagsår, strilynte.
Det var gonger då me lengta
etter sommarpalassa i skråningar, terassane,
dei silkekledde jentene, sorbetten.
Og så kamelmennene som banna, murra
og stakk av, hungrande etter brennevin, kvinner,
og nattebåla som slokna, ikkje råd å finna ly,
og storbyane fiendtlige, småbyane uvennlige
og landsbyane var skitne og kravde høge prisar.
Blei eit hardt skift på oss, dette.
Til sist reiste me helst om natta,
sov bare i rier,
med stemmer syngande i øyro, sa
det var toskeskap, det heile.
Då ved daggry kom me til eit temperert dalsøkk,
fuktig, under snøgrensa, der det lukta av planter;
med rennande vatn kor ei vassmølle banka mørkret,
og tre tre på den låge himmelen,
og ein gammal kvit hest galopperande borti bakken.
Så kom me til eit vertshus med vinlauv over dørkarmen,
seks hender mot ei open dør raslande med sølvstykke,
og føter som sparka tomme vinsekker.
Men inga melding var å få, så me heldt fram,
var framme den kvelden, fann staden,
ikkje ein augneblink for tidlig; det gav oss (kan du seia)
svært mye.
Alt dette var lenge sidan, eg minnest,
og eg ville gjera det igjen, men skriv ned
skriv dette ned
dette: Blei me førte denne lange vegen for
Fødsel eller Død? Det var ein Fødsel, visselig,
me hadde prov og ingen tvil. Eg hadde sett fødsel og død,
men hadde trudd dei var annleis, denne Fødsel var
hard og bitter pine for oss, liksom Døden, vår død.
Me drog tilbake til stadene våre, desse Kongerika,
men greidde ikkje roa oss her, i den gamle ordninga,
med eit framandt folk som klamra om gudane sine.
Eg skulle vera glad for ein ny død.
|
|