F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Bøker med skjønnlitterære Birkedal-tekstar som ikkje finst andre stader.




Natt i nytt hus. Samlaget. 1995.

   
Inneheld dikta:

Blåskjela kan vera 9
Det er ikkje mange som får 10
Så skapte Gud majonesen 11
Tarzan drog med Waziri-stammen 12


Tarzan drog med Waziri-stammen
Tarzan drog med Waziri-stammen
beint over toppane fire.
Dei lepja i bekken som rann så rein
og reiste seg opp med det fliret.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.

Tarzan drog med Waziri-stammen
Beint over toppane åtte.
Der fann dei ein femstjerners campingplass,
dei dilla litt der viss dei måtte.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.

Tarzan drog med Waziri-stammen
beint over toppane seksten.
Eit nyvigsla par ifrå Hillevåg
spratt fram for å lesa dei teksten.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.

Tarzan drog med Waziri-stammen
beint over toppane sytti.
Der stod det ein kvart kasse vørterøl
som ingen fann mon eller futt i.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.

Tarzan drog frå Waziri-stammen,
tok med seg apen sin, Cheetah.
Dei fann ei dør, ho som stod i den
var tydelig, open og lita.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.

Tarzan skreik i den ville skog,
sette seg til på ei tue.
Den første skapnad som dukka opp
var ei trivelig jordmor med snue.
Afrika er sabla djupt
og strekker seg til alle dei kantar.