Katten må sova ute for første gongen. Og eg skal sova i senga mi,
slik eg alltid gjer.
Mor sleppte han ut i halv-åtte-tida. Så blei han sitjande der, på
terassebordet. Med dei rare, vridde øyro han gjerne lagar når han
er åleine slik. Ventande på at nokon skal opna att, slik dei alltid
plar gjera.
Men denne gongen må han vera der ute, heile lange natta.