MINNE TIL DAG
Det er haust, det ruskar ute.
Liv glepper, slepper tak.
Når eg no har sett meg føre
å finna Dag.
Det er det som ligg meg aller mest på sinnet,
her eg driv og flenger, vrir og vrenger minnet.
Eg opnar Minneboka,
blar fram til minna bak,
til blanke gulna sider,
der eg bytta glans med Dag.
Eg finn fram klassebileta,
ser over fotballag.
Bak julinggjeng og hasjhop,
der vankar, vinkar Dag.
Eg sitt og sauestirer
i rom for allmennfag,
Ein buss går beint til Bergen,
Og baki den sitt Dag.
Eg flabbar breie flabbar,
eg kverkar lag for lag,
til Hansaeimen lettar,
og bakom vaker Dag.
Ja, folane er blakke,
og merra er for spak,
eg sett meg på min kjepphest
og sprenger på mot Dag.
Eg følgjer varme tampar,
frå Memphis til Irak,
frå jungelrom til Babel,
og frettar etter Dag.
Eg flyg til Minneapolis
med halte vengeslag,
eg ser fram til å henga
og pusta ut med Dag.
På Big Sur får eg ha meg,
det er rett fram, etter smak.
- Men hugs no på at første mann
som surfa her var Dag.
Eg granskar Wenche Myhres bein
på lp-3-omslag,
går frå Garrod og til Lofthouse,
for å finna spor av Dag
Eg ror no denne elva
med seige åretak.
Det sitt fiskarar på breidda,
og dei nikkar skeivt mot Dag.
- Og kva for land er dette?
Eg harkar, rett på sak.
- Det er Kremteland, dei kremtar.
- I Hosteland bur Dag.
Eg rir meg til ein sliten by,
med tøffe, kalde drag,
der røyk står frå saloonen,
eg seier: - Eg søker Dag.
- Kva står på her? eg opnar
ei bakdør med eit brak.
- Her leikar me og spelar,
me varmar opp for Dag.
Eg minglar og eg nikkar
til Kinck og Martin Nag.
Kven skal eg ta ein knert med
om eg ikkje snart ser Dag.
Eg kjenner kje ei sjel her
under dette tunge tak.
Ei stemme skjer gjennom:
- Du kjenner vel han Dag?
Eg står i foajéen
med sjampis utan smak,
blant Hoem, Holt og Renberg,
og bakom dansar Dag.
Eg trør på alle føtene
til Ruth og Abisjag,
eg trør frå Cork til Larne
for å sjå minst 40 skjær av Dag
Eg sett meg på ein skivebom,
ei skrivesperresak,
med Snorre S. og Habakkuk,
ved ein koleld ventar Dag.
Eg ankrar opp ved Minnesund
med fuglehund og krag.
Kven andre byr på sprøsteikt
dassmort enn han Dag?
Det er vår, det ruskar ute,
liv veks i vêromslag.
Når eg no har sett meg føre
å finna Dag.
Det er det som ligg meg aller mest på sinnet,
her eg ligg og cruisar munninga av minnet.
Minnast Arnt, 52 ½
(side 35 – 38)
|