F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Bøker med skjønnlitterære Birkedal-tekstar som ikkje finst andre stader.




TRØYSTEBOKA
Skald Forlag, 2011.


   

”Ektefølt, rik og vakkert illustrert for de minste og de største:
Terningkast 6.”
Mari Nymoen Nilsen, VG

Inneheld novella Ullent av Arnt Birkedal           side 204


Tekstutdrag:

(…)
Gode, rolige sauer ligg langs den ytste steingarden. Dei ligg tettast i steingardhjørna.
     Dei tettar alle gliper og hol.
     Dei siste tunnelane er òg fulle av sau. Fullare og fullare. Dei ligg tettast der
veggane er på det sleipaste, mest knudrete.

Sauene mjuknar dei siste tårna og spira deira. Dei rundar av trappesvingane,
trappehjørna oppetter borgtårna. Dei støtter dei siste ruinane. Der dempar og dekkar
dei spinnerokkane, spinneteinene, heksenasane.
     Dei ser på meg med kloke, runde saueauge.
     Sjå, sjå no: Heile flate, blåsande kyststripa er smekkfull av sauer, sauer som
mjuknar og rundar det heile av.
     Blå sauer flyg rundt og rundt dei kvite klippane ved Sandnes.
     Ein sau står på eit skjer uti vika og flaksar vengene sine tørre.
     Somme av dei landar og set seg til på pisse- og stabbesteinane i fjøra. – Me er
dei ulne systrene, brækar dei. – Me er dei trøystande dottar! Lotter! Låttar, humrar dei.
Så ler dei lunt og lenge. Så bare tygg dei på det.
     – Me er her for å gjera verda di mjukare, seier ein sau.
     – Og lubnare, legg ein annan til.
(…)

(side 209 – 210)