F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Bøker med skjønnlitterære Birkedal-tekstar som ikkje finst andre stader.




Stemmer frå Rogaland. Samlaget. 1999



   
Inneheld dikta / prosatekstane:
4. Mosebok 6, 26 20
Eg skrur ned radioen 21
J ohnny Cash – konsert i Siddis-hallen 22
PS (til ho bare rett over gata) 23

Og vise-tekstane:
Norgesglass (13 humler) 25
Jentene på landet 28
Glad’ i deg 30

 


PS (til ho bare rett over gata)

Ville bare du skulle veta eg veit
om deg, veit om katten din. Har sett
kor du samlar alt håret i den
dulten midt på dagen, har sett kor
du slepper det laus. Har sett deg stå
utpå trappa og trippa, ventande på å bli
henta til fest (var ei venninne
som kom, lifta deg sist). Ville bare

du skulle veta at skulle du finna på
å nikka, seia heia ein dag du rundar siste
hekken – kufta di så festlig, smart utom
kvardagsjakka, skal eg vera heilt klar
til å handhelsa, til å gi deg alle (tre)
heia mine – skal ikkje kjenna, retta på
gylfen i forfjamsinga, slik som ved
siste høvet). Alt var så mye lettare
før, trur du ikkje. Alle, alle
såg då ein framandkar reid inn i
bygda. Du stod der, i ei
jordbærkø med handlekorga. No
er det komme så langt at byrjar folk først
å helsa, er det gjort